Andre pinsedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russisk ikon av Andrej Rubljov brukt på andre pinsedag.

Andre pinsedag er måndagen etter pinsedagen, eller kvitsun(dagen) som han vart kalla i eldre nynorsk.

Andre pinsedag er tradisjonell gudstenestedag, men kan, avhengig av lokal sed og skikk òg verte nytta til konfirmasjon eller til friluftsgudstenester. Elles har mange annekskyrkjer som ikkje har gudstenestepinsedagen istaden gudsteneste denne dagen. Andre pinsedagen plar preiketeksten i Den norske kyrkja vere henta frå Evangeliet etter Johannes; anten den kjende teksten i Johannes 3.16 ff, eller Joh. 6.44 ff, som har same tema.

« For so elska Gud verdi at han gav Son sin,
den einborne, so kvar den som trur på honom,
ikkje skal verta fortapt,
men hava ævelegt liv.
»

Joh. 3,16 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Helgedag[endre | endre wikiteksten]

Annandag pingst var heilagdag i Sverige fram til 2004. I Storbritannia var Whit Monday bank holiday til 1967. Dagen vert halden som helg i mellom anna Frankrike, Tyskland, Sveits, Hellas, Ungarn, Belgia, Nederland og Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk og svensk Wikipedia
  • «Tekstane i kyrkjeåret frå 1. sundag i advent 1977» i Bibelen, Det norske Bibelselskap 1978