Andreas Galtvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Galtvik

Andreas Petersson Galtvik (30. april 184823. februar 1937) var ein gardbrukar og politikar for Venstre, frå Frosta i Nord-Trøndelag.

I yngre år gjekk Galtvik på Lars M. Bentsen og Hans Konrad Foosnæs sin folkehøgskule i Stjørdal. Han tok i 1882 over farsgarden i Frosta og dreiv han til 1927. Galtvik var direktør i Frosta sparebank frå 1879 til 1934. I 1898 var han med og stifta Frosta dampskipsselskap, der han var styreformann til 1910. Åstadskommissær frå 1884.

Galtvik var medlem i Frosta heradsstyre i samanhengande førti år, frå 1886 til 1925. Han var ordførar 1898-1913, 1917-19 og 1923-25, til saman 22 år. Åra 1896-99 var han formann i Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag, ei rørsle som var arbeidde for ei aktivistisk linje i unionspørsmålet. Formann i Stjør- og Verdalens fiskeristyre frå 1894.

Galtvik var stortingsmann for Nordre Trondhjems amt 1900-06. I den fyrste perioden 1900-03 var han medlem i landbrukskomiteen, i den andre perioden medlem av justiskomiteen. 1906-09 var han vararepresentant for stjørdalingen Bernhard Øverland, møtte då i 1907 frå 17. juli og i 1908 frå 12. august. 1909-18 representerte Galtvik valkrinsen Stjørdalen, i alle år medlem av tollkomiteen, sekretær 1913-15 og nestformann 1916-18. Siste valperioden på Stortinget, 1919-21, var han atter representant for Nord-Trøndelag, nestformann i finans- og tollkomiteen.

Galtvik vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]