Lars M. Bentsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars M. Bentsen
Lars Bentsen.jpg
Fødd21. februar 1838
Birkenes
Død17. mars 1919
Eidsberg
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde, rektor

Lars Martinius Bentsen (21. februar 183817. mars 1919) var ein skulemann, gardbrukar og Venstre-politikar.

Bentsen var frå garden Birkeland i Birkenes, der far hans var gardbrukar. Sjølv gjekk han Holt seminar, der han fekk eksamen i 1860. Det komande året var han huslærar i Hurum, frå 1861 lærar i Aker. 1863-66 var han lærar ved latin- og realskulen i Fredrikstad, år 1864 tok han elles eksamen som reserveoffiser. I 1867 var han lærar i Fjære. Same året var han på studietur i Danmark, der han vart oppglødd av grundtvigianske tankar om liv og læring. I Danmark vart han elles kjend med Hans Konrad Foosnæs. Saman starta dei to ein folkehøgskule i Stjørdal, og frå 1868 til 1876 var Bentsen styrar og lærar ved folkehøgskulen på Husby og Re i Stjørdal, saman med Hans Foosnæs.

Bentsen kjøpte i 1869 garden Kvithammar i Stjørdal, dreiv denne til han selde garden i 1899. Perioden 1887-93 var han eigar og drivar av Fosbæk mølle i Vestre Moland. Åra 1898 til 1902 var han styrar ved Kristiania offentlege blindeskule. Flytta deretter til garden Sulerud i Eidsberg, som han dreiv til han i 1912 skøytte garden over til sonen.

Bentsen var medlem av heradsstyret i Stjørdal frå 1872 til 1884?, og sidan i Vestre Moland. I 1870 skipa han folkevenforeining i Stjørdal, ei foreining som same året knytte seg til Søren Jaabæk si bondevensrørsle. Foreininga var i drift i fire år.

Bentsen var innvald på Stortinget frå Nordre Trondhjems amt 1877-88, heile tida var han medlem av kyrkjekomiteen, elles medlem av Lagtinget frå 1883. Også 1895-1900 var han stortingsmann, siste valbolken som 1. vararepresentant for Peter Holst. Han var sekretær i Lagtinget, noko han elles hadde vore allereie 1886-88. Bentsen var frå 1888 medlem i Venstre sitt landsstyre. I februar 1899 leverte Bentsen framlegg i Stortinget med krav om to stilar til lærarprøva ved seminara/lærarskulane, ei prøve i kvar målform. Framlegget kom ikkje til handsaming i Stortinget, eit utvatna vedtak i 1901 opna for at ein stil kunne leverast på landsmålet, bokmål måtte alle lære.

1884 var Bentsen medlem av den kongelege kommisjonen om malt- og brennevinstilverkinga og av kommisjonen om skulelova.

Han døydde 1919 i Eidsberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]