Hans Konrad Foosnæs
Hans Konrad Foosnæs | |||
![]() Hans Konrad Foosnæs Foto: Ludwik Szacinski | |||
Fødd | 2. februar 1846 Namdalseid | ||
---|---|---|---|
Død | 30. juli 1917 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde, skuleleiar | ||
Alle verv |
|
Hans Konrad Henriksson Foosnæs (2. februar 1846–30. juli 1917) var ein norsk gardbrukar, skulemann og Venstre-politikar. Han var ein sentral politikar i tiåra før og etter 1900, i eigenskap av å vere folkehøgskulestyrar, bondeførar, skyttarleiar og stortingsrepresentant. Foosnæs var landbruksminister 1908-10. Han var ein inspirerande talar som kunne vere ironisk når han var forarga, men som var elskverdig av person og talte varmt for dei sakene han brann for.[1] På hans eldre dagar oppstod ei persondyrking som kunne minne om kultdyrkinga av Bjørnstjerne Bjørnson.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Foosnæs vart fødd inn eit storbondemiljø på Årgård i Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag. Tomas Olsson Fosnes var farfar hans, og Hans Barlien morfar hans. Same året som han vart fødd flytta Foosnæs med familien til slektsgarden Fosnes i Beitstad i dagens Steinkjer kommune.[2]
Yrke
[endre | endre wikiteksten]Foosnæs fekk si første utdanning på fastskulen i Beitstad. Sidan var han elev i det første kullet ved Sagatun Folkehøyskole på Hamar 1864-66. Deretter fekk han privatundervisning i Christiania vinteren 1866-67, vinteren etterpå hadde opphald ved to folkehøgskular i Danmark. Ved den eine skulen, i Roskilde, vart han kjend med Lars M. Bentsen og dei to bestemte seg for å opprette ein folkehøgskule i Trøndelag.
Foosnæs var 1872-76 styrar ved den første folkehøgskulen nordafjells, halden på Re i Stjørdal. I 1876 tok Foosnæs over farsgarden i Beitstad. Åra 1876-79 dreiv han ein ny folkehøgskule som vekselvis hadde tilhald i Vefsn, Overhalla, Grong, Stod, Inderøy og Beitstad. Attåt yrket som gardbrukar hadde han ei rekke interesser innan næringslivet i heimfylket. Mellom anna grunnla han Indtrøndelagens Dampbaadsamlag, og var stor skog- og sagbrukseigar, styreformann ved Mære landbruksskole 1894-1908, formann i amtsskulestyret, mangeårig medlem av representantskapet og av styret i Norges Brannkasse og styreformann i Beitstaden Sparebank 1873-89. Foosnæs var forlikskommissær 1878-1908 og amtsrevisor 1881-1908.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Foosnæs var aktiv både lokal- og rikspolitisk for Venstre. Han var medlem av Beitstad heradsstyre frå 1878, ordførar 1880-1910 og 1914-16.[3] Frå 1876 var han valmann til og med 1903, då ordninga vart fjerna. Han vart i 1882 vald til stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt og hadde sete på Stortinget 1883-85, 1889-1900 og 1903-06. I den fyrste perioden på tinget var han medlem av militærkomiteen. Foosnæs interesserte seg i særleg gard for landbrukspolitikk og jarnbanepolitikk. 1889-1900 og 1903-06 var han såleis medlem i landbrukskomiteen. Han var formann 1892-94 og 1898-1900, to periodar der Venstre hadde fleirtal i tinget. Elles var han medlem av Lagtinget 1892-1900 og av valkomiteen 1894-1900 samt 1903-05.
Foosnæs var republikanar og motstandar av unionen med Sverige. Han var med på å grunnlegge det frivillige skyttarvesenet i 1882, ei motvekt til den kongekontrollerte hæren. Under statsrådssaka og riksrettssaka i 1884 var Foosnæs formann i Skyttersamlagenes fellesstyre.[1] Han var også formann i Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag frå 1881. Ved unionsoppløysinga i 1905 var Foosnæs medlem av Stortinget sin spesialkomité. Han var motstandar av Karlstadforliket, oppteteken av samane sine rettar i grenseområda og motstandar av desarmeringa av grensefestningane.[1] Frå Stortingets talarstol sa han at ein lett kunne ha møtt svenskane med 100 000 mann, ei påminning om skyttarrørsla.[1] Då Noregs statsform vart eit aktuelt spørsmål, heldt Foosnæs fast på republikken, men ved kroninga av kong Haakon VII og dronning Maud i Trondhjem i 1906 var han medlem av Stortingets deputasjon.[1]
Foosnæs var statsråd i Landbruksdepartementet i Gunnar Knudsens første regjering frå 19. mars 1908 til 1. februar 1910. Foosnæs viktigaste landvinning som landbruksminister var truleg lova som gav kommunane forkjøpsrett til skogeigedomar.[1]
Foosnæs var også medlem av den parlamentariske landbrukskommisjonen 1895-1902, formann dei to siste åra. Vidare var han medlem av lappekommisjonane av 1889, 1892 og 1897. Seinare, 1902-08, var han formann i Finnmarkens jordsalskommisjon, og til sist medlem av fjellbeitekomiteen av 1912.
Foosnæs var gift med syster til Johannes Bragstad. Han døydde i Beitstad i 1917. På dødsleiet mottok han eit telegram frå eit bondestemne på Stiklestad som hylla han som «de norske bønders Tord Foleson».[1]
Utmerkingar og ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Foosnæs vart tildelt 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1901, og fekk kommandørkrossen av 1. klasse av same orden i 1910.
På Mære landbruksskole står det eit minnesmerke over Foosnæs.
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «H.K. Foosnæs». Norsk biografisk leksikon. Arkivert frå originalen 27. april 2014. Henta 12. februar 2014.
- ↑ Bratberg, Terje. «H.K. Foosnæs». Norsk biografisk leksikon.
- ↑ «Hans Konrad Henriksen Foosnæs». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 1. desember 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Norsk Biografisk Leksikon
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hans Konrad Foosnæs i Steinkjerleksikonet
- Biografisk informasjon om Hans Konrad Foosnæs NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1846
- Døde i 1917
- Norske landbruksministrar
- Statsrådar i Regjeringa Knudsen I
- Venstrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Beitstad
- Venstreordførarar i Nord-Trøndelag
- St. Olavs Orden
- Norske pedagogar
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Namdalseid
- Folk frå Steinkjer