Andreas Markusson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Markusson
Fødd 7. mars 1893
Narvik
Død

31. oktober 1952
Tønsberg

Yrke skribent

Andreas Markusson (7. mars 189331. oktober 1952) var ein norsk romanforfattar frå Ankenes i Nordland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Markusson ein bondeson med solid bakgrunn som fiskar på Lofothavet og familieband inn i det læstadianske miljøet i Ofoten då han i 1925 debuterte med romanen Høvedsmannen. To år tidlegare hadde han som utdanna lærar frå Tromsø lærarskule flytta til Austlandet, der han vart verande livet ut.

Markusson henta stoffet til romanane sine frå Nord-Noreg i fortid og notid. Trilogien Høstnatt, Utenfor og Forlat oss vår skyld, som kom ut i mellomkrigsåra, vart av Markusson omarbeidd og utgjeven i 1953 under tittelen Fiskere 1 og Fiskere 2. I desse bøkene skildra han livet til fiskarbonden på ein dokumentarisk måte, og Fiskere vert rekna som eit hovudverk i sosialrealistisk/nyrealistisk dikting i nordnorsk litteratur.

I Han som kjempet mot mørket og framhaldet Hyrdene som for vill er forkynnaren Lars Levi Læstadius hovudfigur. Romanane syner korleis læstadianismen vekte samane til erkjenning av eige kulturelt verde, og til opprør mot undertrykking av samisk identitet. Det dramatiske høgdepunktet i Hyrdene som for villææ er Kautokeino-opprøret i 1852, som enda med drap på folk i maktposisjonar og etterfylgjande dødsstraffer.

Med Fiskartrilogien og bøkene om Lars Levi Læstadius framstod Markusson som ein av dei mest lesne og markante forfattarane i den nyrealistiske tradisjonen i norsk litteratur i 1930-åra. Gjennom forfattarskapen hans vart kyst-Noreg med fiskarbonden, og den sterke læstadianske vekkingsrørsla, for alvor nasjonalt kjent.

Stor popularitet vann Markusson med tobindsverket Landet og leia og Flåten går ut frå 1940 og 1941, som nådde opplagstal rundt 50 000 eksemplar.

Romanar av Markusson er omsett til svensk, finsk, dansk, tysk og tsjekkisk.

Han døydde i Tønsberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]