Andreas Mathias Anderssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Mathias Anderssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1849
Selje
Død

2. mai 1943 (93 år)
Veblungsnes

Yrke fotograf
Andreas Mathias Anderssen på Commons
Dette er truleg eit sjølvportrett av fotograf Andreas Mathias Anderssen kring 1925.
Gardafolket på Kløvtveit i Gulen fotografert av Anderssen kring 1910.

Andreas Mathias Anderssen (14. juni 18492. mai 1943) var ein norsk fotograf frå Salt i Selje kommune. Anderssen virka som portrett-og prospektfotograf i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

Verkestader[endre | endre wikiteksten]

Anderssen reiste frå Selje til Bergen for å søke teneste i 1867, og innan 1875 hadde han utdanna seg og etablert seg som sjølvstendig fotograf[1]. Anderssen dreiv atelier på ulike adresser i Bergen fram til 1907. Dei eldste bileta hans er påført adressa "James Hansen Gaard på Strandgaden" [2], det vil seie Strandgaten 26. Seinare flytte Anderssen atelieret sitt til Halvkandebakken 4 (perioden 1885-1902) og deretter til Rosenbergsgate 17 (perioden 1902-1907). I 1907 flytta Anderssen verksemda si for siste gong, denne gongen til Veblungsnes i Indre Romsdal. Produksjonen til Anderssen indikerer at oppdragsfotografering rundt om i bygdene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har vore ein del av inntektsgrunnlaget hans[3].

Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1880- og 1890-åra utførte Andreas Mathias Anderssen eit større oppdrag for Mathias Askevold som hadde samla inn bilete av kjente kulturpersonar i samtida. Samlinga til Askevold omfatta hovudsakleg bilettypar som maleri, tresnitt og litografi. Anderssen fekk i oppdrag å avfotograferte heile biletsamlinga. Anderssen sine reproduksjonar er i dag å finne ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen i form av 8 store album med namna Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri.

Samlingar etter fotograf Anderssen[endre | endre wikiteksten]

I mai 2010 publiserte Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ei samling med glasplatenegativ etter fotograf Andreas Mathias Anderssen til fri bruk på Flickr Commons. Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Fylkeskonservatoren i Hordaland har også originalt fotomateriale etter Anderssen i sine samlingar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 6. november 2012 
  2. Sollied, Ragna (1967), Eldre Bergenske Fotografar, Bergen: Eget forlag
  3. Østevik, Elin (2007), Fotograf Andreas Mathias Anderssen, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Klungnes, Einar (red) (1999), Indre Romsdal på postkort: Fra 1890-åra til 1940, Rauma kommune
  • Sollied, Ragna (1967), Eldre Bergenske Fotografar, Bergen: Eget forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]