Andreas Thomle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Thomle
Fødd 13. september 1782
Arendal
Død

23. januar 1848
Oslo

Yrke politikar, engroshandel, reiar

Erik Andreas Thomle (13. september 178223. januar 1848) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, verftseigar og stortingsmann frå Arendal. Han var far til Iver Steen Thomle.

Thomle var son av ein kjøpmann i Arendal. For mellom anna å lære seg språk, oppheldt han seg utanlands, England og Frankrike. Han arbeidde deretter på kontoret hos far sin i Arendal, og sidan på eit handelskontor i København. 1807-14 var han bokhaldar på Frolands verk. I 1815 overtok han forretningane etter far sin. Han dreiv då trelast-, korn- og kolonialhandel, utreiing av skip og eigde verft.

Thomle representerte Arendal på Stortinget år 1824, 1827, 1828 og 1830. Han var i 1824 medlem av næringskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Både i 1827 og 1830 var han medlem av tollkomiteen, medan han i 1827 var med i komiteen om Larvik grevskap og i 1830 på ny medlem av komiteen om kjøpstadskatten.

I 1830 flytta Thomle til Kristiania, han kjøpte og busette seg på ein eigedom på Skillebekk i Aker. Der døydde han i 1857.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]