Iver Steen Thomle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Iver Steen Thomle (1. mars 181216. september 1889) var ein norsk jurist frå Froland. Han var son til Andreas Thomle, og bror til høgsterettsassessor August Thomle.

Thomle vart student 1829 og tok i 1833 juridisk embetseksamen ved universitetet i Christiania. Frå 1834 var kopist i justisdepartementet og samstundes fullmektig hos advokat Frederik Stang. Byråsjef i 1837 og ekspedisjonssjef i 1840 i justisdepartementet. Frå 1846 var han byfogd i Arendal og deretter amtmann i Nedenes amt frå 1849. I 1860 vart han assessor i Høgsterett, høgsterettsjustitiarius frå 1878 til 1886. Som høgsterettsjustitiarius tok han sete i riksretten 1883–84, der han var visepresident.

Thomle vart rekna som ein av Noregs fremste praktiske juristar. Han var i 1846 medlem av ein kongeleg kommisjon om kredittlovgjevinga, og formann av ein kommisjon som skulle kome med forslag om vilkår for å kunne føre eit fartøy på sjøen. Seinare leia han kommisjonen som i 1861 såg på konkurslovgjevinga og han var i 1872 medlem av kommisjonen om myntstellet.

Frå 1880 var han «direktør» (styreformann) i Den norske Creditbank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]