Andrej Zjdanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Zjdanov
Andrei Zhdanov (cropped).jpg
Verkeleg namn Андрей Александрович Жданов
Fødd 14. februar 1896
Mariupol
Død

31. august 1948 (52 år)
Dolgije Borody, Valdaj

Yrke politikar, militær, forfattar
Andrej Zjdanov på Commons

Andrej Aleksandrovitsj Zjdanov (26. februar 189631. august 1948) var ein sovjetisk politikar. Han var frå og med 1939 medlem av politibyrå i kommunistpartiet og under den andre verdskrigen general og medlem av Leningradfrontens militærråd. Frå og med 1944 var han sekretær i sentralkommiteen med ansvar for ideologiske spørsmål, der han gjennomførte ei ekstrem antivestleg linje innanfor sovjetisk kulturliv og vitskap, kjend som zjdanovismen. I 1946 utløyste han bølgja av forfølgjingar mot fleire sovjetiske forfattarar, vitskapsmenn og komponistar. Sidan 1934 fronta han kravet om sosialistisk realisme i den sovjetiske litteraturen. Zjdanov var ein av dei mest trufaste mennene til Stalin og vart sett på som ein mogeleg «tronarving» etter sistnemnte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]