Andrew Lloyd Webber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Lloyd Webber

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. mars 1948 (75 år)
Kensington
Yrke manusforfattar, filmprodusent, sceneinstruktør, forretningsdrivande, låtskrivar, impresario, politikar, komponist, musikkprodusent, produsent
Språk engelsk
Politisk parti Det konservative partiet i Storbritannia
Religion agnostisisme
Far William Lloyd Webber
Mor Jean Hermione Johnstone
Ektefelle Sarah Hugill, Sarah Brightman, Madeleine Gurdon
Nettstad http://www.andrewlloydwebber.com/
Andrew Lloyd Webber på Commons

Andrew Lloyd Webber, Baron Lloyd-Webber (fødd 22. mars 1948) er ein engelsk komponist, særleg av musikalar. Han har komponert musikken til Jesus Christ Superstar, Evita, Cats, Operafantomet samt det vidgjetne rekviemmet sitt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lloyd Webber voks opp i Kensington i London i ein musikalsk familie. Faren var komponist, mora spela fiolin og piano og broren Julian er i dag ein kjend solo-cellist. Han tok utdanning ved Royal College of Music.

Som musikalkomponist har Webber hatt eit langt og produktivt samarbeid med lyrikaren Tim Rice. Webber og Rice har skrive fleire framgangsrike musikalar saman. Fleire av musikalane har vorte filmatisert, slik som Jesus Christ Superstar (1973), Evita (1996) og Operafantomet (2004).

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Musikalar[endre | endre wikiteksten]

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

Andrew Lloyd Webber har vore gift tre gonger, m.a. med sopransongaren Sarah Brightman, som m.a. hadde hovudrolla i musikalen Operafantomet. Han har fem born frå to ekteskap.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]