Rekviem
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rekviem eller dødsmesse (latin missa pro defunctis) er ei messe som i Den katolske kyrkja vert sungen for sjelene til dei døde, m.a. dagen etter helgemesse.
Namnet rekviem skriv seg frå innleiingsorda Requiem aeternam. Den polyfone utforminga fekk rekviem på 1500-talet.
Musikkverk[endre | endre wikiteksten]
Mange komponistar har skrive musikk til rekviemmessa, blant dei mest kjende er
- Hector Berlioz «Requiem» («Grande messe des morts»), opus 5
- Luigi Cherubini «Requiem» i c-moll
- Antonin Dvorak «Requiem», opus 89
- Gabriel Fauré «Requiem» i d-moll, opus 48
- Andrew Lloyd Webber «Requiem»
- Wolfgang Amadeus Mozart «Requiem» i d-moll, K.626
- Giuseppe Verdi «Requiem»
Andre komponistar har gått ut over den liturgiske ramma i den katolske dødsmessa. Mellom dei er
- Johannes Brahms med «Ein deutsches Requiem», opus 45, ein kantate over bibeltekstar med døden som tema.
- Benjamin Britten med «War Requiem», opus 66. Her kjem solistparti med krigsdikt av Wilfred Owen innimellom dei liturgiske korsatsane.
- John Rutter har i sitt «Requiem» plassert tekstar frå gravferdsliturgien i The Book of Common Prayer og dei bibelske Salmane mellom dei tradisjonelle liturgiske ledda.
- Kurt Weill sitt «Berliner Requiem» til dikt av Bertolt Brecht er ei verdsleg rekviem.
Messteksten[endre | endre wikiteksten]
Tekstinnhaldet kan variere noko i ulike rekviemmesser. Eit vanleg innhald er:
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962
- Tekst mykje etter teksthefte, Faurés Reuiem
|