Anier García

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Anier García
Anier García 2000.jpg
Fødd 9. mars 1976
Santiago de Cuba

Anier Octavio García Ortiz (fødd 9. mars 1976) er ein kubansk tidlegare hekkeløpar frå Santiago de Cuba, som vart olympisk meister på 110 meter hekk i 2000 og elles vann to VM-sølv og ein OL-bronse i same øvinga i tida 1999-2004.

García fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vann 60 meter hekk ved innandørs-VM 1997 i Paris. Sommaren 1999 vann han 110 m hekk under dei panamerikanske leikane i Winnipeg og ein månad seinare sprang han inn til VM-sølv i Sevilla, tre hundredels sekund bakom vinnaren, briten Colin Jackson.

Under dei olympiske leikane i Sydney i september 2000 var García den suverene einaren på korthekken og sette samstundes personleg rekord med 13,00 sekundar. Året etter vann han VM-sølv nummer to på 110 m hekk i Edmonton, som sist på tida 13,07 sekundar og som sist tre hundredels sekund bak gullmedaljøren, som her var Allen Johnson frå USA. García avslutta den internasjonale medaljehaustinga med å knipe OL-bronsen i 2004, eitt hundredels sekund framom fjerde- og femtemann.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvartfinalane (13,58 =nr 18)
  • VM 1997 i Aten: (13,46 i kvartfinalane, nr 16 - stite ikkje i semifinalane)
  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 13,07, bakom Colin Jackson (13,04)
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 13,00, framom Terrence Trammell (13,16)
  • VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 13,07, bakom Allen Johnson (13,04)
  • OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 13,20, bakom Terrence Trammell (13,18)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane (13, 99 =nr 22)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]