Terrence Trammell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terrence Trammell

Terrence Trammell Doha 2010.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 23. november 1978
Atlanta
Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Terrence R. Trammell (fødd 23. november 1978) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Atlanta i delstaten Georgia i USA. Han vann heile fem sølvmedaljar i 110 meter hekk perioden 2000-09; to i olympiske leikar og tre i friidretts-VM.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Trammell var nordamerikansk studentmeister (NCAA) på korthekken i 1999, ein prestasjon han gjentok OL-året 2000. Hausten 2000 deltok han i øvinga under Sommar-OL 2000 og vart andremann på 13,16 sekundar, klart slått av Anier García frå Cuba og med bra margin til tredjemann i løpet. I VM-finalen 2003 kneip Trammell ein ny sølvmedalje, tre hundredels sekund framom Liu Xiang frå Kina, landsmannen Allen Johnson vann gullmedaljen. Året etter sikra Trammell seg eit nytt sølv då sommarleikane 2004 fann stad i Aten, med tida 13,18 hadde han to og tre hundredels sekund til gode på dei tre løparane som kom etter han på resultatlista, vinnaren Liu Xiang var i eiga klasse med di han tangerte verdsrekorden i øvinga på 12,91 sekundar.

Sommaren 2007 var Trammell i sitt livs form. Den 2. juni sette han personleg rekord med 12,95 sekundar i eit GP-stemne i New York, Liu Xiang vann løpet på 12,92. I VM-finalen i Osaka åtte veker seinare vart Trammell klokka inn på 12,99, atter vart Liu for sterk og tok gull med tida 12,95. Under verdsmeisterskapen 2009 i Berlin passerte Trammell målstreken jamsides landsmannen David Payne og Ryan Brathwaite frå Barbados. Etter målfoto var studert vart Brathwaite utropt til vinnar på tida 13,14, Trammell vann si femte internasjonale sølvmedalje på 13,15, berre tusendelar av eit sekund framom Payne på bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]