Ankang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ankang (gul) si plassering i Shaanxi

Ankang (kinesisk: 安康市, pinyin: Ānkāng shì) er sidan 1998 eit byprefektur sør i provinsen Shaanxi i Kina. Prefekturet dekker eit areal på 23 391 km² og har om lag 2,63 millionar ibuarar.

Byprefekturet Ankang omfattar eitt bydistrikt (区 ) og ni fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

Byen har flyplass og ein jarnbanestasjon som er endepunktet for jarnbanestrekninga Xi'an – Ankang som vart opna i 2001. Fleire jarnbanelinjer kryssar kvarandre i Ankang, slik at byen er eit knutepunkt for landtransport i Kina.

Elva Hanshui renn gjennom byen.

Norsk misjon[endre | endre wikiteksten]

Den Evangelisk Lutherske Frikirke dreiv frå 1916 misjonsarbeid i Ankang. Sigurd Aske var misjonsprest og bibelskulelærer her frå 1936 til 1944. Eit stort kyrkjebygg stod ferdig julaftan 1933. Ho vart sprengt i lufta under kulturrevolusjonen i 1967, og det vart bygt ein yrkesskule på tomta. Kring 1990 fekk den protestantiske kyrkjelyden tilbake halve kyrkjetomta, og i mars 1992 vart eit nytt kyrkjebygg innvigd.

Byen er også katolsk bispesete, eit bispedømme som i år 2000 hadde nær 2 000 medlemmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]