Ankaraelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akköprü 2.jpg

Ankaraelva (tyrkisk Ankara Çayı) er ei lita elv som renn gjennom byen Ankara i Tyrkia. Elva er ei sideelv til Sakarya og er 140 km lang. Sidan ho i lang tid har vore utsett for kloakk og forureining frå industri vert ho ikkje rekna som ei god elv for kunstig vatning, sjølv om framleis vert nytta til dette føremålet lenger ned i elva[1] og har ført til utbrot av kolera og andre sjukdommar i byen. På varme dagar gjer lukta av kloakk frå elva denne miljøkatastrofen meir tydeleg.[2] Verdsbanken har finanisert prosjekt for å reinse elva.

Elva deler Ankara nesten i to delar og renn gjennom mange bydelar og søppeldynga i byen. Det er bygd mange bruer over elva i byen og somme stader er ho heilt tildekt og renn i røyr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i steinalderen, truleg på grunn av elva. Hittittane slo seg ned i Ankara 4000 år sidan ved breidda av elva. Aleksander den store erobra byen i 334 fvt. og oppretta eit viktig handelssenter ved elva. Den romerske keisaren Augustus innlemma byen i Romarriket og opprettheldt handelen på elva. Byen vart seinare ein del av Austromarriket, men vart tapt til tyrkarane i 1073. Timur Lenk kjempa mot den osmanske sultanen Bayezid I nær elva i slaget ved Ankara. Under dette slaget leidde Timur Lenk alt vatnet frå ei av sideelvane til Ankaraelva, slik at armeen til Bayezid lenger ned i elva ikkje fekk vatn, og han vann slik slaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. WASAMED Thematic Network (1997). «The Effect of Irrigation with Ankaraelva that was polluted with Domestic and Industrial Wastes.» (PDF). Henta 11. august 2012. 
  2. The World Bank (30. september 1989). «Ankara Sewerage Project.». Henta 31. mars 2008. 

Koordinatar: 39°50′27″N 31°53′15″E