Anna Ancher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anna Ancher
Anna Ancher, self-portrait, c. 1877–78.jpg
Fødd 18. august 1859
Skagen
Død

15. april 1935
Skagen

Anna Ancher på Commons

Anna Ancher, Anna Kirstine Brøndum Ancher (18. august 185915. april 1935) var ein dansk kunstmålar, gift med kunstnaren Michael Ancher. Ho vart fødd i Skagen, som den einaste av Skagensmålarane. Ho var søster til Degn Brøndum, eigaren av kunstnarane sitt samlingspunkt Brøndums Hotel.

Anna Ancher: Syende fiskerpige (1890).

Ho studerte i København og i Paris med Pierre Puvis de Chavannes som lærar, saman med Marie Triepcke.

Ancher måla ofte kvinner i situasjonar knytt til arbeid. Ho budde mestedelen av livet sitt på Skagen, der ho skildra fattige folk knytt til fiskeri. Måleria hennar er rekna å syna ei god evne til bruk av fargar.

Ho fekk utmerkinga Tagea Brandt Rejselegat i 1924.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anna Ancher
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.