Anna Bache-Wiig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Bache-Wiig
Frikjent- Vårens Store TV2-drama - NMD 2015 (17399584656) (cropped).jpg
Fødd 19. september 1975
Yrke skodespelar, skribent, manusforfattar, barnebokforfattar

Anna Bache-Wiig (fødd 19. september 1975) er ein norsk forfattar og skodespelar.

Anna Bache-Wiig er dotter av Harald Bache-Wiig, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, og Sylvi Penne, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Oslo. Anna Bache-Wiig voks opp i Bærum, og var i fleire år medlem av Bærum Barneteater.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Bache-Wiig debuterte som skodespelar i NRK-ungdomsserien Borgen skole i 1988. Sidan den gongen har ho gått på Romerike Folkehøgskole og Statens Teaterhøgskole i 1998. Etter fullført utdanning arbeidde ho ein periode ved Rogaland Teater, før ho byrja ved Den Nationale Scene i 2003. Der har ho markert seg i mange stykke, mellom anna med tittelrolle i Antigone av Alexander Öberg og Mats Kjelbye (2002) og Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren (2003), og som medverkande i Kameliadamen av Alexandre Dumas, En midtsommernattsdrøm av William Shakespeare (begge i 2004), Idioten av Fjodor Dostojevskij (2005) og Falne engler av Gunnar Staalesen (2006). Ho har òg gjesta Trøndelag Teater, der ho mellom anna spelte tittelrolla som Hedda Gabler i 2006 og fekk ein Hedda-nominasjon for tolkinga.

Utanfor teateret har ho mellom anna medverka i NRK-dramaserien Lekestue frå 2002, og i filmane Buddy (2003), Naboer (2005), Sønner (2006), Blodsbånd (2007) og Varg Veum – Falne engler (2008).

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

I 2003 debuterte Bache-Wiig som forfattar med romanen Det aller fineste, der ho gjev eit innblikk i det å vere tenåring på slutten av 1980-talet. Romanen fekk gode meldingar og vart òg teken godt imot av publikum. I 2005 gav ho ut den andre romanen sin, Sommernattsdrømmen, og i 2009 kom ho ut med romanen Lasses hus. I 2010 gav ho ut si fyrste biletbok, Don Fritjof, som ho vann Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Anna Bache-Wiig» på Wikipedia på bokmål innhenta måndag 4. januar 2010.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Bache-Wiig, Anna» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]