Hopp til innhald

Gunnar Staalesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen
Foto: Nina Aldin Thune
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. oktober 1947
Bergen i Noreg
YrkeForfattar
RørslePostmodernisme, kriminallitteratur, sosialrealisme
PrisarBokhandlarprisen, Rivertonprisen, Rivertonprisen, Gyldendals legat, Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris
Gunnar Staalesen på Commons

Gunnar Staalesen (fødd 19. oktober 1947 i Bergen) er ein norsk forfattar og dramatikar. Han voks opp og har budd i Bergen heile livet sitt, og der finn også handlinga i dei fleste bøkene hans stad.

Staalesen debuterte med romanen Uskyldstider i 1969, men er mest kjend for kriminalromanane sine om privatdetektiven Varg Veum. Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Mellom 1997 og 2000 gav han ut den såkalla hundreårstrilogien, eit verk på om lag 1600 sider som er sentrert rundt ulike familiar i Bergen og omland frå 1900 til 2000. Han har vore forfattar på heiltid sidan 1987.

Gunnar Staalesen har (per 2009) gjeve ut fem romanar, 18 kriminalromanar, to novellesamlingar, tre barne- og ungdomsbøker, seks skodespel og ei rekkje mindre utgjevingar. I tillegg har han ei rekkje tekstar frå arbeid som dramatikar, manusforfattar og skribent som ikkje er utgjevne i bokform. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk. Han har vorte heidra med mellom anna Rivertonprisen (to gonger), Bokhandlarprisen og heidersprisen for kultur i Bergen kommune.

Gunnar Staalesen voks opp på Nordnes i Bergen med ein far frå Haugesund som var lektor og ei mor frå Fredrikstad som var sjukepleiar.[1][2] Han har fortalt at han hadde ein heilt vanleg oppvekst, og at han oppdaga at han likte å skrive som 10–11-åring.[1] Han eksperimenterte med å skrive historier og lage teikneseriar, og alt i 1960, som 12-åring, hadde han ei novelle på trykk i det dåverande Haugesunds Dagblad.[3] Ho hadde fått namnet «Det spøker ved Ulve-vann!», og han hadde også illustrert denne vesle novella som hadde ein journalist og ein hund i hovudrollene. Dette må altså kunne kallast Gunnar Staalesen sin forfattardebut.

Staalesen tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1966. Deretter byrja han på Universitetet i Bergen, der han i 1976 vart cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap. I studietida var han frilans filmmeldar og kulturjournalist i BA (då Bergens Arbeiderblad). Han har også vore tilsett som informasjonssekretær ved Den Nationale Scene, i periodane 1972–1973 og 1976–1987. Det var fyrst i 1987 at han vart forfattar på heiltid, sidan ein, som han seier, «i utgangspunktet ikkje tener nok pengar på å vere forfattar i Noreg til å kunne leve av det».[1]

Gunnar Staalesen skildrar seg sjølv som eit «tvers igjennom alminneleg menneske som tilfedigvis kan skrive bøker mange likar å lese.»[4] Han har karakterisert seg sjølv som ein ihuga lesehest,[5] og ein annan hobby han har, er springing. To–tre gonger i veka er han ute og spring, har han fortalt, i tillegg til at han er med i mosjonsløp og spring halvmaraton. Tidlegare har han også sprunge maraton.[1] Staalesen har vorte millionær etter boksuksessane sine, men har eit nøkternt forhold til pengar. Han køyrer til dømes ein vanleg bil og har kjøpt ei rimeleg hytte.[6] Han har sagt at han ikkje har «behov for å signalisere at [han] har hatt nokre gode år.»[7]

Han har vore gift sidan 1969, og har to vaksne ungar, Vidar og Reidar[8]

Tidleg forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste bøkene

[endre | endre wikiteksten]

Gunnar Staalesen hadde hatt tekstar på trykk i mellom anna Vinduet, Profil og Dagbladet før han fekk noko utgjeve i bokform.[9] Han hadde også fleire refusjonar bak seg, mellom anna frå Brikt JensenGyldendal, før han fekk utgjeve den fyrste boka si, Uskyldstider i 1969.[10] Boka kom ut på Pax Forlag etter å ha vorte refusert av både Cappelen og Gyldendal. Likevel vart heile opplaget på 2 500 eksemplar selt ut. Staalesen hadde, naturleg nok, høge forventingar til seg sjølv på denne tida, og han har ved fleire høve sagt at han såg på seg sjølv som den nye Knut Hamsun.[4][10] Dei to fyrste romanane hans har vorte skildra som «prosalyriske formeksperiment som var typiske for tida dei kom ut i.»[2] og «modernistiske kortromanar»[11]

  • 1969 Uskyldstider roman
  • 1971 Fortellingen om Barbara roman (illustrert av Marianne Heske)
  • 1975 Rygg i rand, to i spann kriminalroman
  • 1976 Mannen som hatet julenisser kriminalroman
  • 1977 Bukken til havresekken kriminalroman
  • 1978 Den femte passasjeren kriminalroman
  • 1979 Din til døden kriminalroman
  • 1980 Tornerose sov i hundre år kriminalroman
  • 1981 Kvinnen i kjøleskapet kriminalroman
  • 1983 I mørket er alle ulver grå kriminalroman
  • 1985 Hekseringen noveller
  • 1986 Knut Gribb tar Bergenstoget kriminalroman
  • 1986 Vaskerelvens Rose skodespel
  • 1988 Svarte får kriminalroman
  • 1989 Falne engler kriminalroman
  • 1990 Fredag den trettende, eller Poseidons hevn skodespel
  • 1990 Vikingskattens hemmelighet ungdomsroman
  • 1991 Bitre blomster kriminalroman
  • 1991 Regnbyen. Om solen, regnet, byen og bergenserne (skriven saman med Stig Holmås)
  • 1992 Arven (frå sceneversjonen av Amalie Skrams Hellemyrsfolket) skodespel
  • 1992 Varg Veums Bergen. En annerledes Bergens-guide. reiseguide i Varg Veums Bergen
  • 1992 Vikingskattens forbannelse ungdomsroman
  • 1993 Dødelig madonna kriminalroman (skriven saman med Fredrik Skagen)
  • 1993 Begravde hunder biter ikke kriminalroman
  • 1994 Sivert skuteløs (fritt etter Amalie Skrams «To venner») skodespel
  • 1994 Vikingskattens voktere ungdomsroman
  • 1995 Bergens mysterier kriminalroman (skriven saman med Willy Dahl og Erling Gjelsvik)
  • 1995 Blues for Amalie Jensen. Tekster fra Bergen noveller
  • 1995 Skriften på veggen roman
  • 1996 Amalie Skrams verden tekst og bilete (skriven saman med Irene Engelstad og Liv Køltzow)
  • 1996 De døde har det godt noveller
  • 1997 1900. Morgenrød roman
  • 1998 1950. High Noon roman
  • 2000 1999. Aftensang roman
  • 2000 Hundreårsboken sakprosa (skriven saman med Jo Gjerstad)
  • 2002 Som i et speil kriminalroman
  • 2003 Duen fra Bergen lettlestbok
  • 2004 Ansikt til ansikt kriminalroman
  • 2005 Mordet på Michelsen kriminalroman, utgjeven som miniatyrbok
  • 2006 Dødens drabanter kriminalroman
  • 2008 Kalde hjerter kriminalroman
  • 2010 Vi skal arve vinden krim
  • 2011 Blues for Amalie Jensen : tekster fra Bergen
  • 2011 Varg Veum : Isdalskvinnens hemmelighet krim
  • 2012 De syv teikneserie
  • 2012 Der hvor roser aldri dør krim
  • 2014 Ingen er så trygg i fare – kriminalroman
  • 2016 Storesøster – kriminalroman
  • 2018 Utenfor er hundene – kriminalroman
  • 2021 2020. Post festum - roman
  • 1982 Vredens konfekter høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1982 En usedvanlig travel dag på privatdetektivens kontor høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1982 Mysteriet om barna som forsvant fjernsyns-serie for barn, NRK fjernsyn.
  • 1986 Da va no eg so fekk fem folkekomedie, Åsane Ungdomslag (skriven saman med Terje Røed Fuglum).
  • 1986 Knut Gribb tar Bergenstoget musical, Den Nationale Scene.
  • 1987 Døde sardiner kammeropera, Bergen Kammeropera (musikk ved Ketil Hvoslef).
  • 1986 Vaskerelvens Rose skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1989 Fredag den trettende skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1982 Foreldrene som forsvant videofilm mot alkohol, produsert av Bergen kommune.
  • 1989 Ved Fløifjellets fot skodespel, Christi Krybbe skole.
  • 1990 Den siste Bøschen høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1992 Hellemyrsfolket skodespel Den Nationale Scene.
  • 1993 Dumbo og Maskefjes: Rygg i rand, to i spann krimserie NRK fjernsyn.
  • 1993 Mysteriet på Dovrebanen kriminalkomedie, Norsk Jernbanemuseum.
  • 1993 I mørket er alle ulver grå høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1994 Sivert Skuteløs skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1998 Svarte får høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1999 Pappas hage skodespel, Midtun skole.
  • 2001 Thomas Ryers testamente høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 2002 1900: Maskespill og maskefall skodespel, Den Nationale Scene.
  • 2003 Bitre blomster høyrespel, NRK Radioteateret
  • 2003 En vals med den grønne redsel høyrespel, NRK Radioteateret
  • 2005 Tusen år er som i går skodespel, Bergen Byspill.
  • 2005 1900. Christian Molands hemmelige liv skodespel
  • 2008 Ut på Nordnes– teaterstykkje, skreve til festforestillinga 27. april i høve Nordnæs Bataillons 150-årsjubileum
  • 2011 Peder Påske– skodespel
  • 2014 Hellemyrsfolket - musikal

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Forfatterhefte – Gunnar Staalesen (Oslo: Biblioteksentralen, 2006).
  • «Staalesen, Gunnar» av Nils Nordberg i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) (www).
  • «Gunnar Staalesen – skaperen av ‘sosionomskolen’ i norsk krim?» i Norges litteraturhistorie, bind 8: Vår egen tid av Øystein Rottem (Oslo: Cappelen, 1998).

Nettstader

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 4 «Elevbrev» av Gunnar Staalesen på Vargveum.no.
  2. 1 2 «Staalesen, Gunnar» i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg. (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005)
  3. «– dere skal få høre mer fra meg siden» i Vargens vennekrets – Gunnar Staalesen – en bibliografi av Odd Magnar Syversen (Løten: Bokmakeriet, 1994).
  4. 1 2 «Tøffelhelt på Adidas-nåler» av Terje Holtet Larsen i Dagbladet (19.08.1995)
  5. «Forfatterens favoritter» av Gunnar Staalesen på Vargveum.no.
  6. «To bøker ga 3 mill.» av Carsten Lier og Hallgeir Vågenes i VG (13.07.1999).
  7. «Halvmaratonmannen» av Kjartan Brügger Bjånesøy i Dagbladet (25.05.2002).
  8. «Staalesen på Hellemyra» av Karin Rykkje og Hallgeir Vågenes i VG (23.05.1992) 1, 2.
  9. «Uskyldstider» på Vargveum.no.
  10. 1 2 «Kunsten å debutere for fjerde gang» av Gunnar Staalesen i Vinduet nr. 3–4/1992.
  11. «Detektiven og fortellingen» av Audun Engelstad i Forfatterhefte – Gunnar Staalesen (Oslo: Biblioteksentralen, 2006).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]