Anna Carin Olofsson
Anna Carin Helena Cecilia Zidek (fødd 1. april 1973), også kjend som Anna Carin Olofsson, Anna Carin Olofsson Zidek og under namneforkortinga ACO, er ein svensk skiskyttar frå Sveg i Härjedalen. Ho vart olympisk meister på fellesstart under Vinter-OL i Torino i 2006.
Anna Carin Olofsson deltok i OL i Salt Lake City i 2002 som langrennsløpar. Ho begynte seint med skiskyting, først i 2003, men etablerte seg så i verdstoppen. I VM i Hochfilzen i 2005 fekk ho sølv på fellesstarten, i verdscupen fekk ho sin første medalje same sesong med ein sølv frå Antholz (Anterselva).
I 2005/06-sesongen vann ho sitt første verdscuprenn, og i OL i Torino vann ho gull på fellesstart og sølv på sprinten. Zidek la opp som skiløpar i 2011.
Zidek bur i Lillhärdal i Härjedalen.
Merittliste[endre | endre wikiteksten]
Olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]
- 1 gull (fellesstart, Torino 2006), 1 sølv (sprint, Torino 2006)
Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]
Individuelt (12) (Inkluderer OL)
Dato | Stad | Disiplin |
---|---|---|
7. december 2005 | ![]() |
Distanse |
17. desember 2005 | ![]() |
Sprint |
18. desember 2005 | ![]() |
Jaktstart |
25. februar 2006 | ![]() |
Fellesstart (OL) |
16. mars 2006 | ![]() |
Sprint |
18. mars 2006 | ![]() |
Jaktstart |
15. desember 2006 | ![]() |
Sprint |
14. januar 2007 | ![]() |
Masstart |
17. januar 2007 | ![]() |
Sprint |
11. desember 2009 | ![]() |
Sprint |
13. januar 2010 | ![]() |
Sprint |
1. desember 2010 | ![]() |
Distans |
Stafett[endre | endre wikiteksten]
Dato | Stad | Disiplin |
---|---|---|
15. januar 2010 | ![]() |
Stafett |
19. desember 2010 | ![]() |
Mixstafett |
6. januar 2011 | ![]() |
Stafett |