Anna Netrebko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Netrebko
Anna Netrebko - Romy 2013 a.jpg
Fødd18. september 1971 (50 år)
FødestadKrasnodar
FødenamnАнна Юрьевна Нетребко
OpphavRussland, Austerrike
Aktiv1993 til i dag
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran, dramatic lyric soprano, lyric coloratura soprano
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somoperasongar, skodespelar
Gift medYusif Eyvazov
Sambuar medSimone Alberghini, Erwin Schrott, Yusif Eyvazov
PrisarGoldene Feder, Folkets artist i Russland, Casta diva-prisen, Den russiske føderasjons statspris, Hero of Labour of Kuban, Deutscher Medienpreis, Den gylne grammofon (Russland), Echo Klassik, Dostlug Order, Polar Music Prize

Anna Netrebko (fødd 18. september 1971) er ein russisk-austerriksk opera-sopran.[1]

Netrebko studerte song ved Rimskij-Korsakov-konservatoriet i St. Petersburg. Ho fekk undervising av Valerij Gergiev, leiaren ved Mariinskij-teatret, og debuterte ved teateret i 1994 som Susanna i Le nozze di Figaro av Mozart. Deretter hadde ho fleire viktige roller ved Kirovoperaen, som Amina i La sonnambula, Pamina i Die Zauberflöte, Rosina i Il Barbiere di Siviglia og Lucia i Lucia di Lammermoor.

I 1995 gjesta Kirovoperaen San Francisco-operaen, der Netrebko song Ludmilla i Ruslan og Ludmilla av Glinka. Førestillinga fekk svært gode kritikkar, og Netrebko blei verdskjend på kort tid. I 2002 debuterte ho ved Metropolitan Opera som Natasja i Krig og Fred av Prokofjev.

Netrebko blei austerriksk statsborgar i 2006.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walker, Shaun (8. desember 2014). «Opera singer Anna Netrebko poses with Ukrainian separatist flag». The Guardian (engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 29. mai 2017. 
  2. «Divas battle booze, drugs, depression - Arts - Entertainment - smh.com.au». Sidney Morning Herald (engelsk). 24. august 2007. Henta 29. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Anna Netrebko