Anna Odobescu
Anna Odobescu | |||
| |||
Fødd | 3. november 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dubăsari | ||
Opphav | Moldova | ||
Aktiv | 2018– | ||
Sjanger | Pop | ||
Verka som | songar |
Anna Odobescu (fødd 3. desember 1991 i Dubăsari i Moldova), òg stava Ana Odobescu,[1] er ei moldovsk songarinne. I 2019 vann ho den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest, O melodie pentru Europa, med låta «Stay». Ho skal dermed representera Moldova i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.[2][3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Odobescu vart fødd i byen Dubăsari i Transnistria, ein de facto sjølvstyrt region i austre Moldova. Ho har ei diplomgrad frå Academia de Muzică, Teatru și Arta Plastice i hovudstaden Chișinău.[2]
Laurdag 2. mars 2019 vart ho nasjonalt kjend i Moldova, då ho deltok i den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa, med låta «Stay». Ho var favoritten til juryen, og nummer to blant tv-sjåarane, men enda opp som vinnar samanlagt.[3] Med sigeren blei ho vald ut til å representera Moldova i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i Israel i mai 2019.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 2019 – «Stay»
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «video | Ana Odobescu a câștigat finala națională a Eurovision Song Contest 2019. Ascultă piesa care va reprezenta Moldova la Tel Aviv». ZUGO (på rumensk). 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «Anna Odobescu sings Moldova's melody for Europe this year». eurovision.tv. Henta 3. mars 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «Eurovision 2019: Anna Odobescu will represent Moldova in Tel Aviv». TRM (på engelsk). Henta 3. mars 2019.