Annapurna II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annapurna II
Annapurna II til høgre og Annapurna IV til venstre. Sett frå sørvest.

Annapurna II til høgre og Annapurna IV til venstre. Sett frå sørvest.

Høgd over havet 7 937 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal, Himalaya
Dominans 30,5 km → Annapurna I
Skardhøgd 2 439 mfd2
Koordinatar 28° 32′ 17″ N, 84° 8′ 6″ AKoordinatar: 28° 32′ 17″ N, 84° 8′ 6″ A
Annapurna II (Nepal)
Annapurna II
Førsteklatring Chris Bonington, Ang Nyima og Richard H. Grant, 17. mai 1960
Normalrute Høgfjellstur
Annapurna II sett frå nord

Annapurna II sett frå nord

pd5

Annapurna II er med ei høgd på 7 937 m det sekstande høgste fjellet på jorda og den nest høgste sjølvstendige toppen på massivet Annapurna Himal i Himalaya i Nepal. Hovudtoppen på massivet er det 8 091 m høge Annapurna I.

Saman med det 6 983 m høgd Lamjung Himal markerer Annapurna II den austlege enden av hovudkammen til Annapurna Himal. Nabo i aust er Manaslu (8 163 m), i vest grensar Annapurna Himal til dalen Kali Gandaki. På andre sida av denne «djupaste dalen på jorda» ligg Dhaulagiri (8 167 m).

Ein engelsk ekspedisjon forsøkte å klatre toppen allereie i 1957. Førsteklatringa skjedde i 1960, då Chris Bonington, Ang Nyima og Richard H. Grant kom seg opp over vestegga. Toppen har vore lite klatra sidan, men i 2008 gjennomførte Philipp Kunz den første vinterklatringa.

Nordvest for toppen ligg det tidlegare kongeriket Mustang. Den næraste større staden er Pokhara i sør.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er basert på artikkelen Annapurna II frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.