Dhaulagiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dhaulagiri
Dhaulagiris sørvegg. Sett frå Poon Hill.Foto: Jamie O'Shaughnessy

Dhaulagiris sørvegg. Sett frå Poon Hill.
Foto: Jamie O'Shaughnessy

Høgd over havet 8 167 m
Område Nepal
Fjellområde Himalaya
Dominans 317,47 km → Cho Oyu
Skardhøgd 3 357 mfd2
Koordinatar 28° 41′ 46″ N, 83° 29′ 43″ AKoordinatar: 28° 41′ 46″ N, 83° 29′ 43″ A
Dhaulagiri (Nepal)
Dhaulagiri
Førsteklatring 13. mai 1960: Kurt Diemberger, Peter Diener, Ernst Forrer, Albin Schelbert, Nawang Dorje und Nyima Dorje
Normalrute nordaustegga
Dhaulagiri frå nordaust med austveggen, nordaustegga og nordveggen

Dhaulagiri frå nordaust med austveggen, nordaustegga og nordveggen

pd3pd5

Dhaulagiri (nepali धौलागिरी dhaulāgirī, 'kvitt fjell') er med 8 167 m den sjuande høgaste fjelltoppen i verda og den høgste toppen i Dhaulagiri Himal-massivet i Himalaya. Fjellet ligg lengst aust i Dhaulagiri Himal, nord for sentrale Nepal. Administrativt ligg det i den nordlege delen av Myagdi distrikt, Dhaualagiri sone i Nepals Vestregion. Annapurna I hever seg på andre sida av Kali Gandakidalen, om lag 35 km aust for Dhaulagiri.

I 1809 målte William Spencer Webb og John Hodgson toppen til 8 190 m og Dhaulagiri var med det den første 8000 meters-toppen som blei oppdaga. Fram til Kantjendjunga blei målt i 1838 var Dhaulagiri rekna som verdas høgaste fjell.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Dhaulagiri var den nest siste 8000 meters-toppen som blei klatra. Først etter sju mislukka forsøk klarte ein internasjonal ekspedisjon under leiing av sveitsaren Max Eiselin å nå toppen. Det var første gong – og så langt den einaste – ein klatreekspedisjon i Himalaya har brukt fly til å få inn utrustning og deltakarar. 5. mai 1960, under eit forsøk på å ta av, styrta flyet, ein Pilatus PC-6, utan at nokon kom til skade. Klatrarane bygde på erfaringar og tausikringar etter det sjuande og mislukka forsøket frå året før, og kom seg opp nordaustegga. 13. mai stod seks klatrarar på toppen, Kurt Diemberger, Peter Diener, Ernst Forrer, Albin Schelbert og dei to sherpaene Nawang Dorje og Nyima Dorje. 23. mai nådde òg Michel Vaucher og Hugo Weber frå same ekspedisjonen toppen.[1]

Det har vore mange dødsfall på dei stormsveipte og skredutsette fjellsidene. I 1969 omkom fleire klatrarar på den svært vanskelege søraustegga. I 1978 lukkast ein ekspedisjon under leiing av japanaren Seiko Tanaka å nå toppen over søraustegga, men fire klatrarar omkom under nedstigninga. I 1984 døydde tsjekkaren J. Simon og i 1990 lithauaren Dainius Makauskas, begge under nedstiging etter å ha vore på toppen. To erfarne kvinnelege klatrarane har gått med i skredulukker: 16. mai 1998 franske Chantal Mauduit og 24. oktober 1999 engelske Ginette Harrison. Same året som Mauduit omkom i tillegg to greske klatrarar. I 2007 døydde to klatrarar i ein spansk ekspedisjon som fekk Eva Martínez, som den første meksikanske kvinna, til topps.

Stian Voldmo, Øyvin Thon og Brit Volden blei 14. mai 2011 dei første nordmennene som klatra til topps.[2]

Sørveggen på Dhaulagiri er ei av klatresportens største uløyste utfordringar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Max Eiselin: Erfolg am Dhaulagiri. Orell Füssli Verlag, Zürich, 1960. (førsteklatrarane sine forteljingar)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]