Anne Gerd Eieland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Gerd Eieland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1982
Iveland
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Anne Gerd Eieland (fødd 28. desember 1982) er ein tidlegare høgdehoppar frå Iveland i Aust-Agder. Ho vart noregsmeister i øvinga i alle åra frå 2001 til og med 2005, samt i 2007. Hennar bestehopp på 1,93 meter kom i 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

16 år gammal fekk Eieland sølvmedaljen under NM med personleg rekord på 1,78 m, trass i at ho låg ein divisjon under den suveren vinnaren Hanne Haugland som tok seg over 1,94 m. To år seinare tok ho over som Noregs beste kvinnelege høgdehoppar, ho forbetra den personlege rekorden til 1,84 m og vart norsk meister for fyrste gong. I 2002 persa ho med 1,86 m og vann nytt NM-gull.

2003-sesongen var Eieland i sitt livs form. Allereie 1. juni forbetra ho den personlege rekorden til 1,90 m i Øyestad og seinare i juni auka til 1,92 m i Riga. Under stemnet i Øyestad sette ho også personleg rekord i tresteghopp med 13,13 m. Ho deltok i høgdehopp under VM 2003 i Paris, men der stoppa ho 1,85 m og var heile seks cm unna å kvalifisere seg til finalen. Den 15. august gjorde ho derimot sitt livs høgdehopp då ho i Kristiansand svinga seg over 1,93 m.

Eieland vart norsk meister både i 2003, 2004 og 2005. Etter 2003 stoppa framgangen opp og ho sleit mykje med å kome opp mot 1,90 m på resultatlista. Ho kvalifiserte seg til EM 2006 i Göteborg[1], men klarte ikkje opningshøgda på 1,78 meter i kvalifiseringa. I 2007 tok ho sitt sjette NM-gull og si niande strake NM-medalje i høgdehopp. Etter sesongen la ho opp, 25 år gammal.[2]

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Gull: 2001-05 og 2007
  • Sølv: 1999 og 2006
  • Bronse: 2000

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007
Høgde 1,78 1,75 1,84 1,86 1,93 1,84 1,90 1,89 1,89

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Friidrett.no