Hopp til innhald

Hanne Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanne Haugland
StatsborgarskapNoreg
Fødd14. desember 1967 (57 år)
Haugesund kommune
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett

Hanne Birgit Haugland (fødd 14. desember 1967) er ein tidlegare norsk friidrettsutøvar frå Haugesund, som fyrst og fremst tevla i høgdehopp, men også i lengdehopp og tresteghopp. Perioden 1987-2000 deltok ho i mange internasjonale meisterskapar, det store høgdepunktet kom då ho vart verdsmeister i høgdehopp under VM 1997 i Athen. Mellom 1985 og 2000 vart ho noregsmeister 14 gongar, og vann elles tre NM-sølv og tre NM-bronser. Ho representerte etter rokes idrettslaga Haugesund IL, BUL, Vidar i Oslo og Minerva.

Haugland slo gjennom i 1985-sesongen, då ho tidleg i juni gjekk over 1,87 under eit stemne i Porsgrunn, det beste resultatet i Noreg den sesongen. Ho kom på bronseplassen under NM i Bærum med 1,78 m i høgde, same høgda som sølvvinnaren, og fekk også bronsen i lengdegropa etter 6,12 m, noko som var to centimeter bak den personlege rekorden. Året etter vann ho NM-gull i høgdehopp med same sluttresultat som året før, og fekk sølv for 6,08 m i lengdehopp. Ho forbetra sin personleg rekord i høgdehopp til 1,89 m under eit stemne i Birmingham.

Midt i mai 1987 sette Haugland i Oslo norsk rekord med 1,93 m. Sitt andre NM-gull vann ho då ho slutta på 1,81 m, same høgda nådde Anne Brit Skjæveland som grunna tidlegare riv måtte nøye seg med sølvmedaljen. Haugland deltok i slutten av august i sin fyrste internasjonale meisterskap, VM i friidrett 1987 i Roma. Her vart ho slått ut etter å ha stoppa på 1,85 m i kvalfiseringa.

I 1988 stoppa tre kvinner på 1,81 m under NM på Byrkjelo, atter kom Haugland før Skjæveland på resultatlista, men no vart det sølv og bronse på dei to, då Tone Svendby vart noregsmeister i øvinga. I 1989 vart Haugland dobbeltmeister i NM for fyrste gong, etter 1,84 m i høgdehopp og 6,18 m i lengdehopp. Dobbeltmeister vart ho også året etter i Fana, der ho vart tildelt kongepokalen for vinnarresultatet 1,90 m i høgdehopp. Ho kvalifiserte seg til EM-finalen i Split, der ho klarte 1,88 m og vart nummer åtte. Både i 1992 og 1993 vart ho noregsmeister i høgdehopp, på høvesvis 1,83 m og 1,85 m. Under VM i friidrett 1993 kom ho på delt niandeplass i høgdehopp.

Midtsommars 1994 svinga Haugland seg over 1,97 m og sette endå ein ny norsk rekord. Ho gjekk på ny over 1,90 m i NM-tevlinga og vann sin andre kongepokal, dessutan vart ho noregsmeister i tresteghopp med 13,56 m, åtte centimeter lenger enn den regjerande meisteren, Lene Espegren. I europameisterskapen i Helsingfors gjekk ho over 1,93 m i finalen og vart nummer fem på same høgda som bronsevinnaren.

Haugland vart i 1995 dobbeltmeister for fjerde gong i ein noregsmeisterskap. Ho var suveren i høgdehopp med 1,90 m, men hadde hard konkurranse frå Ingvild Larsen i lengdehopp. Haugland stoppa på heile 6,48 m, hennar aller lengste hopp nokon gong, Larsen nådde 6,41 m. Under VM i friidrett 1995 i Göteborg vart ho nummer seks i høgdehopptevlinga, med 1,96 m.

Ho stopppa på 1,96 m også då ho deltok i sommar-OL 1996 i Atlanta i Georgia, og kom med det på åttandeplass. To veker seinare, i Kristiansand, fekk Haugland sin tredje kongepokal etter 1,97 m i høgdehopp.

I august 1997 var Haugland i sitt livs form. 10. august vart ho verdsmeister med 1,99 m. Tre dagar etter ho vann VM-tittelen, gjekk ho i Zürich over 2,01, gjeldande norsk rekord også i 2012. Også det året vart ho tildelt kongepokalen under NM, då med 1,95 m i sluttprotokollen. Mest heile 1998-sesongen gjekk ho skadd.

År 1999 vann Haugland sitt tiande NM-gull i høgdehopp ,og sin femte kongepokal, med eit hopp på 1,94 m. Ho vart nummer 11 i VM i friidrett i Sevilla. Året etter tok ho sin ellevte og siste NM-tittel i høgdehopp med 1,90 m. Ho avslutta si tid som aktiv med å delta i OL i Sydney, men med 1,89 m i kvalfiseringa kom ho ikkje til finalen. Grunna skadeplager la ho opp etter 2000-sesongen, 32 år gammal.

Medaljar i norske meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1985: To bronsemedaljar; høgdehopp og lengdehopp
  • 1986: Gull i høgdehopp, sølv i lengdehopp
  • 1987: Gull i høgdehopp
  • 1988: Sølv i høgdehopp, bronse i lengdehopp
  • 1989: Gull i både høgdehopp og lengdehopp
  • 1990: Gull i både høgdehopp og lengdehopp
  • 1992: Gull i høgdehopp
  • 1993: Gull i høgdehopp
  • 1994: Gull i både høgdehopp og tresteghopp, sølv i lengdehopp
  • 1995: Gull i både høgdehopp og lengdehopp
  • 1996: Gull i høgdehopp
  • 1997: Gull i høgdehopp
  • 1999: Gull i høgdehopp
  • 2000: Gull i høgdehopp

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar og årsbeste i høgdehopp

[endre | endre wikiteksten]
År1985198619871988198919901991199219931994199519961997199819992000
Høgde1,891,891,931,911,941,921,861,901,931,971,961,982,011,901,961,96

Haugland er gift med høgdehopparen Håkon Särnblom. Både faren Terje Haugland og farfaren Eugen Haugland var framifrå friidrettsutøvarar.

Haugland vart i 1997 tildelt Aftenpostens Gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn». Same året mottok ho Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]