Hopp til innhald

Anne Haugstvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Haugstvedt
Fødd1962
Yrkeforskar, professor
InstitusjonarHøgskulen på Vestlandet
Alma materUniversitetet i Bergen
Høgskolen i Bergen

Anne Haugstvedt (fødd 1962) er ein norsk tidlegare sjukepleiar som er tilsett som professor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap på Høgskulen på Vestlandet.[1] Haugstvedt forskar blant anna på diabetes og psykososiale helseaspekt i ulike fasar av livet.[2]

Haugstvedt er utdanna sjukepleiar frå Høgskolen i Bergen i 1986. I 1995 tok ho vidareutdanning som helsesjukepleiar (tidlegare helsesyster) ved Høgskolen i Akershus. I 2001 tok ho hovudfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo, før ho til slutt fullførte doktorgraden sin frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen i 2012.[2][3]

Haugstvedt er medlem i det medisinske fagrådet til Diabetesforbundet.[4]

  1. «Anne Haugstvedt». sykepleien.no (på norsk bokmål). 21. september 2015. Henta 2. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Anne Haugstvedt - Høgskulen på Vestlandet». www.hvl.no. Henta 2. mars 2023. 
  3. «NY DOKTORGRAD: Å være foreldre til barn med type 1 diabetes» (på norsk bokmål). Universitetet i Bergen. Henta 18. mars 2023. 
  4. «Våre faglige utvalg». www.diabetes.no (på norsk). Henta 2. mars 2023.