Annelise Høegh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annelise Høegh
Fødd26. juli 1948
Oslo, Noreg
Død27. mars 2015 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarAnders Høegh
EktefelleJo Benkow
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
VervStortingsrepresentant 1981-2001 19812001

Annelise Høegh (fødd 26. juli 1948 i Oslo, død 25. mars 2015) [1] var ein norsk politikar (H).

Høegh var medlem av Høgres politiske råd 1976–1983, 1. vararepresentant til Høgres sentralstyre 1976–1980, medlem av Oslo Høgres representantskap 1976–2006, medlem av Norsk Kvinnesaksforenings landsstyre 1980–1984, styreleiar i Statens barne- og ungdomsråd 1982–1985, formann i fagleg-politisk utval i Oslo Høgre 1982–1984, medlem av Høgres programkomité i 1983 og 1. nestleiar i Oslo Høgre 1988–1992. Ho var fast på Stortinget frå Oslo 19852001 og var vararepresentant 1977–1985 (møtte fast for Kåre Willoch 1981–1985). På Stortinget var ho mellom anna parlamentarisk nestleiar 1989–1990 og Høgres sosialpolitiske talskvinne i 16 år. Ekteparet Høegh og Benkow har hatt stor påverknad på Høgres sosialpolitikk i nyare tid, og Høegh gjekk inn for både partnarskapslova og dagens abortlov.[2][3]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]