Antarktisk kril

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Antarktisk krill)
Hopp til navigering Hopp til søk
Antarktisk kril
Antarktisk kril
Antarktisk kril
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Kril Euphausiacea
Familie: Euphausiidae
Slekt: Euphausia
Art: Antarktisk kril E. superba
Vitskapleg namn
Euphausia superba

Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter.[1] Krilen lever i omtrent 6 år.

Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys.[2] Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein reknar med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.[3]

Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William M. Hamner, Peggy P. Hamner, Steven W. Strand & Ronald W. Gilmer (1983). «Behavior of Antarctic krill, Euphausia superba: chemoreception, feeding, schooling and molting». Science 220 (4595): 433–435. Bibcode:1983Sci...220..433H. PMID 17831417. doi:10.1126/science.220.4595.433. 
  2. Uwe Kils & Norbert Klages (1979). «Der Krill» [The Krill]. Naturwissenschaftliche Rundschau (på German) 32 (10): 397–402. 
  3. Stephen Nicol & Yoshinari Endo (1997). Krill Fisheries of the World. Fisheries Technical Paper 367. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-104012-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]