Syrisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Syrisk geografi
Plassering
Land Syria
Koordinatar 34°N 38°EKoordinatar: 34°N 38°E
Totale landegrenser 2 253 km
Grenseland Irak 605 km, Israel 76 km, Jordan 375 km, Libanon 375 km, Tyrkia 822 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

185 180 km²
99,4 km²
 km²
Kystlinje 193 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Hermon
2 814 m
namnlaus stad ved Galileasjøen
-200 m
Lengste elv Eufrat
3 596 km
Største innsjø Assadsjøen
Arealbruk
Dyrkbar mark 24.8 %
Permanente avlingar 4.47 %


Anna 70.73 % (2005)
Irrigert land 13 560 km² (2003 est)
Naturressursar
petroleum, fosfatar, krom- og manganmalm, asfalt, jernmalm, steinsalt, marmor, gips, vasskraft
Naturfarar
støv- og sandstormar
Miljøproblem
avskoging; overbeite; jorderosjon; ørkenspreiing; vassforurining på grunn av utslepp av råklokakk og avfall frå petroleumsraffineri; mangelfull forsyning av drikkevatn
Kart over Syria
Kart over Syria

Syria ligg i Sørvest-Asia, nord for Den arabiske halvøya i Midtausten heilt aust i Middelhavet. Det grensar til Tyrkia i nord, Libanon og Israel i vest, Irak i aust, og Jordan i sør. Landet består av fjellkjeder i vest og lenger inn i landet stepper. I aust ligg Den syriske ørkenen og i sør ligg Jabal al-drusar-fjella. Ørkenen vert kryssa av Eufratdalen. Ei demning bygd i 1973 i Eufrat skapte reservoaret Assadsjøen, den største innsjøen i Syria. Det høgaste punktet i Syria er Hermon (2 814 moh) ved den libanesiske grensa. Mellom den fuktige kysten av Middelhavet og dei tørre ørkenomrmåda ligg eit halvtørt steppeområde som dekkjr tre fjerdedelar av landet, som har varme, tørre vindar som bles over ørkenen. Syria har 28 prosent dyrkbar mark, 4 prosent permanente avlingar, 46 prosent beitemarker og berre tre prosent skogar.

Syria er delt inn i fjorten guvernement, eller muhafazat (eintal muhafazah). Guvernementa er delte inn i totalt seksti distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), som vidare er delt inn i underdistrikt, eller nawahi (eintal nahiya). Hovudstaden Damaskus er den nest største byen i Syria, og storbyområdet er eit eige guvernement. Aleppo er med 2,3 millionar innbyggjarar den største byen i Syria. Al Lādhiqīyah er i lag med Tartus dei viktigaste hamnebyane til Syria ved Middelhavet.

Geografiske regionar[endre | endre wikiteksten]

Syrisk geografi is located in Syria
Damaskus
Aleppo
Deir-az-Zur
Hama
Homs
Al Lādhiqīyah
Tartous
Apamea
Bosra
Kart over Syria

Området omfattar kring 185 180 kvadratkilometer med ørkenar, sletter og fjell. Det er delt inn i ei kystsone, med eit smalt belte med parallelle fjellkjeder kring eit søkk i vest - og eit mykje større austleg platå. Klimaet er hovudsakleg tørt og kring tre femtedelar av landet får mindre enn 250 mm nedbør i året. Frodig land er av dei viktigaste naturresursane i landet og ein har prøvd å auke mengda dyrkbar mark ved hjelp av kunstig vatning.

Kystslette[endre | endre wikiteksten]

Langs Middelhavet strekkjer ei smal kystslette seg sørover frå den tyrkiske grensa til Libanon. Det flate kyststrøket er dekt med sanddyner, avbroten av fleire forberg som kjem ned frå fjella og ut i sjøen. Dei største hamnebyane er Al Lādhiqīyah og Tartous. Syria har gjort krav på eit territorialfarvatn som strekkjer seg 35 nautiske mil ut frå kysten, men i 2003 erklærte Syria at dei maritime sonene strekte seg 12 nautiske mil ut frå kysten slik Havretten tillet.

Topografien til Syria.

Høgland[endre | endre wikiteksten]

Jabal an Nusayriyah, ei fjellkjede som går parallelt til kystsletta, har ei middelhøgd på berre litt over 1212 meter over havet. Det høgaste fjellet her, Nabi Yunis, er kring 1575 meter over havet. Vestsida er fangar dei fuktige vestlege vindane og er derfor meir frodige og tettare folkesett enn austsida, som berre får tørre, varme vindar som bles frå ørkenen. Før dei når den libanesiske grensa og Anti-Libanon-fjella, endar Jabal an Nusayriyah-fjella i ein korridor —Homskløfta—der hovudvegen og jernbanen frå Homs til den libaneiske byen Tripoli går. I fleire hundreår vart Homskløfta nytta for handel og invasjonar frå kysten til det indre av landet og andre delar av Asia. Austover er al-Ansariyahfjella skild frå Jabal az Zawiyah-fjella og platåområdet av Al Ghabdalen, ein frodig, irrigert dal som den buktande Orontes renn gjennom.[1]

Inn i landet og lenger sør stig Anti-Libanonfjella med toppar over 2 700 meter over havet på den syrisk-libanesiske grensa. Frå fjella går utstikkarar austover til platåormådet. Austsida har lite nedbør og vegetasjon og glir etter kvart over i ørkenen.

I sørvest ligg det høge Hermon (Jabal ash Shaykh), òg på grensa mellom Syria og Libanon, fell ned mot Hawranplatået som får regnførande vind frå Middelhavet. Utanom den lågaste delen, er Hermon ikkje busett. Vulkankjegler, som når over 900 meter over havet, ligg innmellom dei opne, bølgjande og ein gong frodige Hawranplatået sør for Damaskus og aust for Anti-Libanonfjella. Sørvest for Hawran ligg det høge vulkanområdet Jabal al-Druze, som er heimstaden til drusarane. Detter ein del av vulkanfeltet Harrat ash Shaam som strekkjer seg heilt til Saudi-Arabia. Nordaust for Jabal al-Druze lig eit stort lavafelt kalla Al-Safa som merkjer seg ut på satellittbilete av området.

Det austlege platået[endre | endre wikiteksten]

Heile det austlege platået vert kryssa av låge fjellkeder, Jabal ar Ruwaq, Jabal Abu Rujmayn og Jabal Bishri, og strekkjer seg nordaustover frå Jabal Al Arab til Eufrat. Sør for desse fjella ligg ein goldt ørkenområde kalla Hamad. Nord for Jabal ar Ruwaq og aust for byen Homs ligg eit anna aude område kalla Homsørkenen, som har ei hardpakka jordoverflate.

Nordaust for Eufrat, som spring ut i fjella i Tyrkia og flyt på tvers over Syria til Irak, ligg det frodige Jazira-området. Regionen får vatn frå to sideelvar til Eufrat, Balikh og Khabur. Området vart utvikla med kunstig vatning i 1960- og 1970-åra og vert nytta til dyrking av korn og bomull. Olje- og naturgass vart oppdaga heilt nordaust i Jazira og har i stor grad auka det økonomiske potensialet i regionen.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Flaum i Nord-Syria etter at Zeyzoundammen brast i juni 2002.

Vassvegane i landet er særs viktige for jordbruket. Den lengste og viktigaste elva er Eufrat, som utgjer 80% av vassressursane i Syria. Dei største sideelvane på venstresida er Balikh og Khabur og er små fleirårige elvar som spring ut i grenseområdet ved Tyrkai. Sideelvane på høgresida av Eufrat er stort sett små elvar som er tørrlagte delar av året, såkalla wadiar. I 1973 demde Syria opp Eufrat med Tabqadammen oppafor byen Ar-Raqqah. Dammen skapte reservoaret Assadsjøen (Buhayrat al Assad). Denne innsjøen er kring 80 km lang og 8 km brei.

På det tørre platået aust for Damaskus gjev oasar, småelvar og nokre få indre elvar som munnar ut i myrområde og små innsjøar vatn for lokal vatning. Den viktigaste av desse er Barada, ei elv som spring ut frå Anti-Libanonfjella og forsvinn i ørkenen. Barada dannar Al Ghutah-oasen der Damaskus ligg. Dette frodige området på kring 370 kvadratkilometer har gjort at Damaskus har kunne trivast sidan antikken. I midten av 1980-åra minka Al Ghutah på grunn av erosjon i samband med utbygging av forstader og lettindustri kring Damaskus.

Områda i Jazira er dyrka opp med vatn frå Khabur (Nahr al Khabur). Sinn er ei lita elv i Latakia guvernement nytta til å vatne område vest for Jabal an Nusayriyah, kring 32 km sørvest for hamnebyen Al Lādhiqīyah. I sør vert kjeldene som gjev vatn til den øvre Yarmouk leidd om for å vatne Hawran. Underjordiske vassreservoar som hovudsakleg er naturlege kjelder vert tappa for både vatning og drikkevatn. Dei rikaste undervasskjeldene er i Al Ghab-regionen med kring 19 store kjelder og underjordiske elvar som i lag utgjer tusenvis av liter per minutt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Syria har eit klima med store kontrastar. Mellom det fuktige klimaet ved Middelhavskysten og den tørre ørkenregionen ligg ei halvtørr steppe semiarid steppe som strekkjr seg over tre fjerdedelar av landet og som grensar i vest til Anti-Libanonfjella og Jabal an Nusayriyah, i nord til dei tyrkiske fjella og i søraust til fjella Jabal al Arab, Jabal ar Ruwaq, Jabal Abu Rujmayn og Jabal Bishri.

Dette området får relativt mykje nedbør og årsnedbøren ligg kring 750 til 1000 mm. Det meste av regnet kjem med vinden frå Middelhavet og fell mellom november og mai. Årsmiddeltemperaturen varierer frå 7 °C i januar til 27 °C i august. Fordi dei høge ryggane i Jabal an Nusayriyah fangar det meste av regnet frå Middelhavet, får Al Ghab-senkinga aust for desse fjella lite nedbør og tørre, varme vindar. Frost er uvanleg, sjølv om toppane i Jabal an Nusayriyah stundom er snødekte.

Lenger sør går regnførande skyer frå Middelhavet gjennom dalen mellom Jabal an Nusayriyah og Anti-Libanonfjella, og når området kring Homs og stundom steppeområdet aust for byen. Enno lenger sør hindrar Anti-Libanonfjella regn frå Middelhavet og området, inkludert hovudstaden Damaskus, vert ein del av ei halvtørr klimasone med stepper og ein årsmiddelnedbør som er lågare enn 200 mm. Temperaturane her varierer frå 4 °C i januar til 40 °C i juli og august. Området kring hovudstaden er likevel frodig på grunn av vatning frå Barada via akvedukter bygde i romartida.

I søraust minkar fukta og årsnedbøren minkar til under 100 mm. Dei små regnmengdene varierer mykje frå år til år og det oppstår i periodar tørke. I den aude, steinete ørkenen sør for Jabal ar Ruwaq, Jabal Abu Rujmayn og Jabal Bishri, når temperaturane i juli ofte over 45 °C. Sandstormar er vanlege i februar og mai og øydelegg vegetasjon og hindrar beiting. Nord for ørkenfjella og aust for Al Ghab-senkinga ligg dei store steppene der skyfri himmel og høge temperaturar dominerer om sommaren., medan frost er vanleg frå november til mars. Årsnormalnedbøren er her 250 mm i året, men er under 200 mm i eit stort belte langs det sørlege ørkenområdet. I dette beltet er det berre Eufrat og Khabur som gjev nok vatn for dyrking og busetnader.

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: petroleum, fosfatar, krom- og manganmalm, asfalt, jernmalm, steinsalt, marmor, gips, vasskraft

Arealbruk:

dyrkbar mark: 24.8 %

permanente avlingar: 4.47 %

anna: 70.73 % (2005)

Irrigert land: 13 560 km2 (2003)

Totalt fornybare vassressursar: 461 kubikkilometer (1997)

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:

total: 185 180 km²

land: 183 630 km²

vatn: 1 550 km²

merknad: inkludert 1 295 km² av israelskokkupert territorium

Landegrenser:

total: 2 253 km

landegrenser: Irak 605 km, Israel 76 km, Jordan 375 km, Libanon 375 km, Tyrkia 822 km

Kystlinje: 193 km

Maritime krav:

samanhengande sone: 41 nautiske mil

territorialfarvatn: 35 nm

Høgder:

lågaste punkt: namnlaus stad nær Tiberiassjøen (Galileasjøen) -200 m

høgaste punkt: Hermon 2 814 moh

Miljøfarar[endre | endre wikiteksten]

Naturfarar: støv- og sandstormar

Miljø - noverande problem: avskoging; overbeite; jorderosjon; ørkenspreiing; vassforurining på grunn av utslepp av råklokakk og avfall frå petroleumsraffineri; mangelfull forsyning av drikkevatn

Mijø - internasjonale avtalar:

delaktig i avtalar som omfattar: Biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, ozonlaget, skipsforureining (MARPOL 73/78), våtmarksområde

signert, men ikkje ratifisert: miljømodifisering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Research Divi Federal Research Division, Federal Research Division (2004). «Land, Water and Climate». Syria a Country Study. Kessinger Publishing. s. 74. ISBN 9781419150227.