Antillarstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Antillarstraumen.

Antillarstraumen er ein varm havstraum som renn nordvestover forbi øygruppa Antillane som skil Det karibiske havet og Atlanterhavet. Straumen kjem av straumen frå den atlantiske Nordekvatorstraumen. Denne straumen lukkar virvelen som går med klokka kring Atlanterhavet. Han er rik på næringsstoff, og vert nytta av mange fiskarar rundt om i Karibia til fiske.

Antillarstraumen er nesten parallell med Karibiastraumen, som går sørover frå Puerto Rico og Cuba, forbi Colombia og Venezuela.[1][2]

Utanfor floridakysten renn Antillarstraumen saman med Floridastraumen og dannar Golfstraumen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael, Costin J. (1968). «Direct current measurements in the Antilles current». Journal of Geophysical Research 73 (10): 3341–4. doi:10.1029/jb073i010p03341. 
  2. Talley, Lynne D. (2011). Descriptive Physical Oceanography: An Introduction. Academic Press. s. 254. ISBN 0080939112.