Anton Ažbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Ažbe

Statsborgarskap Keisardømet Austerrike, Austerrike-Ungarn
Fødd 30. mai 1862
Krain
Død

6. august 1905 (43 år)
München

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Anton Ažbe på Commons
'Landsbykoret', 1900

Anton Ažbe (30. mai 18625. august 1905) var ein slovensk målar. Han spela ei viktig rolle som lærar for mange målarar frå det austlege Europa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ažbe vart fødd i ein landsby i nærleiken av Škofja Loka, den gongen ein del av keisarriket Austerrike. Han var delvis lam frå fødselen, og vart foreldrelaus i åtteårsalderen. Han lærde seg å måle som lærling til Janez Wolf, og seinare ved kunstakademia i Wien og München.

30 år gammal grunnla Ažbe ein målarskule i München som vart mykje søkt av kunststudentar frå Aust-Europa. Mellom andre vart alle dei såkalla «fire store» slovenske impresjonistane; Rihard Jakopič, Ivan Grohar, Matej Sternen og Matija Jama, utdanna hos Ažbe. Dessutan var ein hel generasjon av russiske målarar som Ivan Bilibin, Mstislav Dobuzjinskij, Igor Grabar, Vasilij Kandinskij, Dmitrij Kardovskij og Kuzma Petrov-Vodkin, innom skulen hans. Ažbe sine undervisningsmetodar vart tekne i bruk av fleire russiske målarar, både av dei som vart verande i heimlandet, som Grabar, Kardovskij, og av emigrantar som Bilibin og Dobuzjinskij.

Ažbes eigen produksjon av kunst består av einast 26 verk, inklusive klasseromsstudiar. Hans lenge planlagde meisterverk vart aldri noko av, og hovudverket Odalisque frå 1902 er gått tapt. Til den gåtefulle personlegdomen hans kom alkoholisme, kjederøyking og bitter einsemd. Han førte ein enkel, nesten asketisk livsstil i det private og viste eksentrisk framferd i det offentlege. Ažbe verna om sine personlege hemmelegheiter til siste slutt, han var eit mysterium også for studentane sine og for lærarkollegaene.

Han døydde i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anton Ažbe