Kuzma Petrov-Vodkin
| Kuzma Petrov-Vodkin | |
| Fødenamn | Кузьма Сергеевич Петров-Водкин |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen |
| Fødd | 24. oktober 1878 Khvalynsk |
| Død |
15. februar 1939 (60 år) |
| Yrke | kunstmålar, sjølvbiograf, skribent, grafikar, scenograf, kunstteoretiker, skodespelforfattar |
| Språk | russisk |
| Sjanger | portrett, stilleben, grafikk |
| Medlem av | Sovjetunionens kunstnerforbund[*] |
| Ektefelle | Maria Petrova-Vodkina |
| Kuzma Petrov-Vodkin på Commons | |
Kuzma Sergejevitsj Petrov-Vodkin ( 5. november 1878–15. februar 1939) var ein russisk-sovjetisk målar, grafikar, kunstteoretikar, forfattar og pedagog.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]

Petrov-Vodkin vart fødd byen Khvalynsk (i dagens Saratov oblast), der faren var skomakar. På 1890-talet studerte han målarkunst og teikning i Samara, vidare 1895-97 på sentralskulen for teknisk teikning i St. Petersburg. Seinare flytta han til Moskva, der han studerte hos Valentin Serov og særleg Konstantin Korovin på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. År 1901 heldt han fram studiet i München. 1904 fullførte han studiane i Moskva og for til Paris, for å gå i privatlære. Han la også ut på studieferder til Italia og Nord-Afrika.
Petrov-Vodkin slo gjennom med Draumen i 1910, eit bilete den ortodokse kyrkja fann vel erotisk. År 1911 vart han medlem i Mir iskusstva. Hans mest kjende verk er Bading av ein raud hest. Kunsten hans var omdiskutert mellom dei fremste russiske målarane, Aleksandr Benois forsvara den, medan Ilja Repin var avvisande.
I sovjet-tida arbeidde Petrov-Vodkin mykje som grafikar og dramatikar. Kunstverka hans frå denne tida er mørkare, ofte haldne i ein stil som kan minne litt om bysantisk kunst og ikonmåling. Han forfatta dessutan forteljingar og småstykke, samt teoretiske skrifter.
Frå 1918 til 1933 underviste han i det Frie Statlege Kunstpedagogiske Atelier i Petrograd (Leningrad).
I 1927 vart han diagnostisert med tuberkulose og måtte etter kvart meir eller mindre gje opp målinga. Han skreiv i denne tida tre halvt sjølvbiografiske bøker, som alle nådde ein stor lesekrins.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Petrograd-Madonna
- Moderskap
- I skotlinja
- 1919. Alarm.
- Boys at play
- Innflyttingsselskap
- Teater. Farse.
- Teater. Trageiey.
- Stilleben med ei sild.
- Badarmorgon
- Fiskardotter
- Tørst krigar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kusma Sergejewitsch Petrow-Wodkin» frå Wikipedia på tysk, den 1. desember 2009.