Anton Beinset
Utsjånad
Anton Beinset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1894 |
Død |
16. desember 1963 (69 år) |
Yrke | redaktør, skribent |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Anton Konrad Beinset (fødd 7. januar 1894 på Beinset i Midsund, død 16. desember 1963) var ein norsk redaktør og forfattar. Han var medarbeidar i avisa Den 17de Mai frå 1916-27, redaktør av Fædrelandsvennen i Kristiansand 1928-32, redaktør av Tunsberg 1933-34, politisk medarbeidar i Dagbladet 1936-58.
Beinset var radikal venstremann og brukte pennen flittig for å forsvare synet sitt.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- I 1924 gav han ut ei samling skisser som han kalla Bak kulissone, under pseudonymet Per Skrull.
- I 1942 gav han ut boka "Utapå øya", seinare Døden går på bedehus (1945), På Naustloftet og Gamle-Uri (1962), som alle er bygdeskildringar frå hans eige heimemiljø på Otrøya i Midsund.
På Beinset i Midsund står framleis diktarstova hans «Naustloftet», nyleg restaurert av Midsund Slekt- og Historielag
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Reportasje frå Naustloftet
- Digitaliserte bøker av Anton Beinset hjå Nasjonalbiblioteket
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Midsund Gard og Slekt, bind I