Anton Eliassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Eliassen
Fødd16. november 1945
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Anton Eliassen (fødd 16. november 1945 i Oslo) er ein norsk meteorolog og embetsmann. Han er direktør for Meteorologisk institutt. Han er son av Arnt Eliassen.

Eliassen har utdanning frå Universitetet i Oslo (cand.real. 1970), og har vore professor II i meteorologi same stad[1].

Det viktigaste forskingsfeltet hans har vore grenseoverskridande luftforureining, og på dette har han vore blant dei fremste i verda. På 1970- og 1980-talet stod han sentralt når det galdt å utvikle metodar for å rekne ut tilhøvet mellom ulike typar utslepp av forureining (sur nedbør, overgjødsling, fotokjemiske oksidantar, tungmetall) og kva for økosystem som seinare mottek desse. Ut frå dette lèt det seg gjere å fastslå kor mykje land A bidreg til forureininga i land B («skuldmatriser»). Dette har vore og er viktig i arbeidet med å forhandle fram internasjonale miljøavtalar.

Frå 1972 var Eliassen forskar ved Norsk institutt for luftforsking. Han har likevel hovuddelen av yrkeskarrieren sin frå Meteorologisk institutt, der han byrja i 1978. Han var då leiar for eit delprosjekt under SN sitt EMEP-prosjekt (European Monitoring and Evaluation Programme), som igjen er ein del av Konvensjonen om langtransporterte, grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP). På dette fagfeltet har Eliassen stått sentralt internasjonalt, først som forskar, og seinare i det administrative virket sitt. I tillegg til dei faktiske utrekningane har han delteke i arbeidet med å fastsetje praktiske miljømål og utvikle metodar for å finne kostnadseffektive tiltak for å nå desse måla. Dei seinare åra har ein gått over frå eit system der alle land kuttar prosentvis like mykje, til eit meir kost-nytte-basert system. Dette har kravd ytterlegare utvikling av skuldmatrise-utrekningane.

Eliassen har vore ein sterk brubyggar mellom forsking og miljøpolitikk. Han har vore mykje engasjert i internasjonalt samarbeid, særleg med faglege og politiske styresmakter i Sovjetunionen/Russland. Han har vore fagleg rådgjevar i internasjonale miljøpolitiske forhandlingar i fleire tiår. Då Langtransportkonvensjonen fylte 25 år i 2004, vart det gjennomført ei større evaluering av det internasjonale arbeidet med luftforureiningar. Evalueringa vart leia av Eliassen. Han har òg leia tilsvarande vurderingar i USA og Canada.

I 1989 vart Eliassen valt inn i Global 500 Award Roll, ein heider under SN sitt miljøprogram (UNEP).[2][3] Han er ein av to norske på denne lista.[4]

Ved Meteorologisk institutt har Eliassen innehatt fleire sentrale stillingar: forskingssjef, meteorologidirektør, assisterande direktør og frå april 2000 direktør.

Frå 1998 var han president for Verdas meteorologiorganisasjon sin kommisjon for atmosfæreforsking, eit verv han hadde ut 2006.[5] Frå 2003 er han president for European Centre for Medium Range Weather Forecasts (ECMWF), ein mellomstatleg organisasjon som arbeider med å utvikle modellar for mellomlange vêrvarsel (3-10 døgn). Frå 2003 er han òg president for ECOMET, som representerer dei offentlege meteorologiske institutta i Europa overfor den kommersielle vêrbransjen. Eliassen har i dette verva gått inn for å gjere meteorologiske grunndata lettare tilgjengeleg (både praktisk og økonomisk) for alle interesserte. Meteorologisk institutt er no leiande i å gjennomføre ein slik politikk, og frå 1. september 2007 vart alle norske vêrdata frå instituttet gjort gratis.

I 2006 vart Eliassen utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden.[6]

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Modellberegning av langtransport av fotokjemiske oksidanter til Sør-Skandinavia og betydningen av utslippskontroll (saman med Ø. Hov og F. Stordal), NILU-rapport nr. 10/1986, Lillestrøm 1986
  • Estimates of airborne transboundary transport of sulphur andnitrogen over Europe (saman med Ø. Hov, T. Iversen, J. Saltbones og D. Simpson), 1988
  • Control strategies for ozone and acid deposition. An iterative approach (saman med D. Simpson), 1997

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt fra statsråd, referert i Aftenposten 14. juli 1984.
  2. «FN-miljøpris»; NTB-melding 27. september 1989: «Meteorologidirektør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt i Oslo er tildelt en miljøpris fra FNs miljøprogram UNEP. Prisen deles ut som ledd i "The Global 500", som går ut på at 500 personer over hele verden skal utmerkes for sin miljøinnsats. Eliassen har fått prisen for pionerforskning omkring luftforurensning, særlig når det gjelder svovel og nitrogen. Eliassens arbeid utgjorde det vitenskapelige grunnlaget for Genevekonvensjonen av 1979, som har bidratt til reduserte utslipp av svoveldioksyd i Europa.»
  3. Frå Global 500 Forum: «Dr. Eliassen conducted pioneer research on airborne transport of sulphur and nitrogen, two common air pollutants, which formed the scientific basis for the 1979 Geneva Convention on long-range transboundary air pollution. The convention has led to the reduction of sulphur dioxide emissions in Europe. He is actively involved in air pollution monitoring for both East and West Europe.»
  4. Den andre er Bjørn Strandli, som blei innvalt i 1992. I 1994 blei dessuten organisasjonskomiteen for Lillehammer-OL innvalt.
  5. Nytt om navn i Aftenposten 20. februar 2002: «Anton Eliassen, direktør for Meteorologisk institutt, er gjenvalgt som president i Kommisjonen for atmosfærevitenskap. Eliassen, som regnes som en av verdens fremste forskere innenfor langtransport av luftforurensning, har sittet som president for FN-kommisjonen de siste fire årene, og ble gjenvalgt for fire nye år på kommisjonens møte, som avsluttes i Oslo denne uken.»
  6. Nytt om navn i Aftenposten 7. mai 2006: «Kongen har utnevnt professor Anton Eliassen, Oslo, til riddar 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Eliassen hedres for sin samfunnsnyttige innsats. Ordensrådet har i sin vurdering lagt vekt på hans forskning innen meteorologi og miljø, både for Norge og på europeisk og global basis. I særlig grad er hans arbeid med langtransporterte, grenseoverskridende luftforurensninger tillagt betydning.»