Antony Gormley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antony Gormley
Fly-Angel crop.jpg
Fødd 30. august 1950
London
Yrke bilethoggar, kunstnar, scenograf
Antony Gormley på Commons
Del av kunstverket Another Place

Antony Gormley (fødd 30. august 1950 i London) er ein engelsk kunstnar.

Gormley studerte ved Ampleforth College og Trinity College i Cambridge fram til 1971, då han drog til India og Sri Lanka for å studera buddhismen. Tilbake i England i 1974 fullførte han studia sine ved ulike institusjonar i London.

Kunstnaren tek som oftast utgangspunkt i menneskekroppen, gjerne sin eigen, som han omformar til skulpturar ved hjelp av metallformer. Verka hans er i regelen reinska for individuelle kjenneteikn, og formene er ofte reproduserte fleire gonger.

I 1994 vann Gormley den prestisjefylte britiske Turnerprisen for Field for the British Isles.

Kjende kunstverk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er Gormley mest kjend for å ha sett opp ei rekke rustne avstøypingar av seg sjølve på Solastranda ved Stavanger lufthamn, Sola, kunstverket gav han tittelen Another Place, 'Ein annan stad'.[1] Installasjonen har og vore sett opp i Tyskland, Belgia og England.

Kunstverket Broken Column - avbroten søyle er sett opp på utvalde stadar i Stavanger sentrum. 23 like, sandblåste jernavstøypingar av kroppen til Gormley er sett opp frå hamna og opp til Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet.[2] Ved Akershus festning i Oslo er det sett opp eit kunstverk av Gormley til minne om dei norske jødane som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland under den andre verdskrigen.

Quantum Cloud i London.

I Storbritannia er han mest kjend som kunstnaren bak skulpturen Angel of the North ('engelen frå nord'). Skulpturen er plassert utandørs i landskapet ved Gateshead nord i England. Stålskulpturen Quantum Cloud i London, med ei høgd på 30 meter, har og fått merksemd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK (11. juni 2004), «Kunst på nettet», NRK (på bokmål), henta 13. mai 2019 
  2. Hadland, Wenche Lamo (15. februar 2008), «Rustne menn, ser vi dem?», NRK (på bokmål), henta 13. mai 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Antony Gormley