Antti Ruuskanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antti Ruuskanen


Statsborgarskap Finland
Fødd 21. februar 1984 (40 år)
Pielavesi
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Spydkast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Spydkast menn, EM i friidrett 2018 – Spydkast menn

Antti Hermanni Ruuskanen (fødd 21. februar 1984) er ein finsk spydkastar frå Pielavesi som vart europemister i øvinga i 2014 og vann OL-bronse i 2012.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ruuskanen kom på sjetteplass under VM i friidrett 2009 i Berlin med eit bestekast på 81,87. Tre år seinare vann han bronsemedaljen i spydkast under Sommar-OL 2012 i London, ein knapp halvmeter bakom overraskingsmannen, gullvinnaren Keshorn Walcott.

Etter å ha vorte nummer fem då VM i friidrett 2013 fann stad i Moskva, viste Ruuskanen seg som den suverent beste spydkastaren under EM i friidrett 2014. Han tok leiinga i fyrste omgang med 83,81 m, la på til 86,85 i andre omgang, før han i tredje omgang sende spydet avgarde 88,01 meter, eit kast som var tre meter lengre enn det nokon annan utøvar makta prestere.

Ruuskanen forbetra sin personlege spydrekord til 88,98 meter då han vart finsk meister i Pori 2. august 2015.

Antti Ruuskanen i 2014

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]