Keshorn Walcott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keshorn Walcott
Keshorn Walcott - 2012 Olympics-2.jpg
Fødd 2. april 1993
Toco
Yrke spydkaster, friidrettsutøvar
Keshorn Walcott på Commons

Keshorn Walcott (fødd 2. april 1993) er ein trinidadsk spydkastar som vart olympiameister i øvinga under OL 2012 i London. med eit bestekast på 84,58 m.

Nittenårgamle Walcott sette personleg rekord med 80,11 m i mai 2012 under eit stemne i Havana. 1. juli forbetra han rekorden til 82,83 m i San Salvador. Han deltok så i verdsmeisterskapen for juniorar i Barcelona, der han vart meister med 78,64 m.

I kvalifiseringa til finalen i spydkast under sommar-OL 2012 kasta han 81,75 m og gjekk greitt vidare. I finalen sette han trinidansk rekord med 83,51 m og leia etter fyrste omgang. Han auka leiinga i andre omgangen med eit kast på 84,58 m. Ingen av dei andre finalekastarane klarte sidan å kaste lengre enn Walcott, nærast var Oleksandr Pjanytsja frå Ukraina som i tredje omgang var berre sju centimeter kortare enn Walcotts lengstekast.

Medaljar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2012 i London: Gullmedalje - 84,58 m, framom Oleksandr Pjanytsja (84,51 m)
  • VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiserirnga (78,78 m -nr 19)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje (85,38 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]