Aragonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aragonitt
Aragonite Salsigne France.jpg
Aragonitt frå Salsignes-gruva i Aude department i Frankrike. Storleik: 30x30x20 cm
Generelt
Kategori Karbonatmineral
Kjemisk formel CaCO3
Strunz-klassifisering 05.AB.15
Krystallsymmetri Ortorombisk (2/m 2/m 2/m) - dipyramideforma
Einingscelle a = 4.95 Å, b = 7.96 Å, c = 5.74 Å; Z = 4
Identifikasjon
Farge Kvit, raud, gul, oransje, grøn, lilla, grå, blå og brun
Krystallform pseudoheksagonale, prismatiske krystallar, nåleforma, skiveforma, kuleforma, reniform, pisolittisk, korallisk, stalaktisk, internt lagdelt
Krystallsystem Ortorombisk
Tvilling Fleirsyntetisk parallel til {100} syklisk på {110}
Kløyv tydeleg på {010}, uperfekt {110} og {011}
Brot Undermuslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 3.5-4
Glans glasaktig, harpiksaktig på brotflater
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig
Spesifikk vekt 2.95
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (-)
Brytingsindeks nα = 1.529 - 1.530 nβ = 1.680 - 1.682 nγ = 1.685 - 1.686
Dobbeltbryting δ = 0.156
2V-vinkel 18°
Oppløyselegheit Utspeidd syre
Andre eigenskapar Fluoresererns: bleik rosa, gul, kvit eller blåaktig; fosforescens: grønaktig eller kvit (LW UV); gulaktig (SW UV)
Kjelder [1][2][3]

Aragonitt (av Aragón og -itt) er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral som mellom anna finst i leier saman med gips, i vulkanske område saman med svovel og som avsetning frå varme kjelder, og dessutan i oksidasjonssonen i malmførekomstar. I norske bergartar er aragonitt særs sjeldan. Det opptrer som bestanddel i skalet hos mange sjødyr som korallar, blekksprutar, i mange muslingar og sniglar, og dessutan i nokre kalkalgar.

Aragonitt er eit kalsiumkarbonat, CaCO3, som er polymorft og kan opptre i tre modifikasjonar: aragonitt, kalsitt og vateritt. Med tida vil aragonitt gå over i kalsitt som er den stabile og difor minst løyselege forma. Følgjande mineral er isomorfe med aragonitt: strontianitt SrCO3; witheritt BaCO3; cerussitt PbCO3. Dei krystalliserer alle rombisk, men krystallane er ofte pseudoheksagonale på grunn av tvillingdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]