Arbins gate

Koordinatar: 59°54′51.595″N 10°43′35.159″E / 59.91433194°N 10.72643306°E / 59.91433194; 10.72643306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′51.595″N 10°43′35.159″E / 59.91433194°N 10.72643306°E / 59.91433194; 10.72643306

Arbins gate
Foto: Jan-Tore Egge

Arbins gate er ei gate i Oslo, frå Henrik Ibsens gate (som tidlegare var ei strekning av Drammensveien) og ned til Løkkeveien på Ruseløkka. Gata fekk i 1896 namnet Arbiens gate etter by- og rådstoveskrivaren Peter Arbin (1741–1804), som var eigar av ein løkkeeigedom her. I 1983 vart namnet på gata retta til det nogjeldande Arbins gate.

På hjørnet av Arbins gate og Henrik Ibsens gate ligg bygningen der forfattaren Henrik Ibsen leigde husvære i 2. høgda frå bygningen var ny i 1895 og fram til han døydde i 1906. I bygningen ligg no mellom anna Ibsenmuseet i Oslo, som òg femner om husværet Ibsen budde i.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]