Ardalion Ignatjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ardalion Ignatjev
Fødd 22. desember 1930
Yalchiksky District
Død

24. oktober 1998
Tsjeboksary

Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Ardalion Vasiljevitsj Ignatjev (22. november 193024. september 1998) var ein friidrettsutøvar, fødd i landsbyen Novo Teiderjakovo i Tsjuvasjia i Sovjetunionen, som vann EM-gull på 400 meter i 1954 og tok OL-bronse på same distansen i 1956. Han representerte Sovjetunionen, og var elles den fyrste frå Tsjuvasjia som vann ein olympisk medalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ignatjev deltok i dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki, der han vart utslått i semifinalen på spesialdistansen 400 m.

To år seinare vann Ignatjev 400-meteren under EM i friidrett 1954 i Bern på sovjetisk rekord, 46,6 sekundar, framom Voitto Hellstén frå Finland. På 200 m fekk Ignatjev sølvmedaljen, også det med sovjetrekord 21,1. Vesttyske Heinz Fütterer vart europameister med tida 20,9. I 1955-sesongen gjorde han sine aller raskaste løp på både 200 m og 400 m. Med 21,0 forbetra han sovjerekorden på distansen for sjuande gong, medan han på 400 m tangerte europarekorden på 46,0 sekundar, den niande forbetringa av sjovjerekordeon på distansen.

Under dei olympiske sommarleikane 1956 i Melbourne vann USA-amerikanaren Charles Jenkins eit jamnt 400 m-felt med sluttida 46,7, framom vesttyske Karl-Friedrich Haas med 46,8. Ignatjev og Hellstén fekk begge notert 47,0. Måldommarane såg ingen skilnad medllom dei to sistnemnde, og målfoto måtte til. Desse viste at Haas brukte 47,12 sekund og berre så vidt var framom dei to andre, som med 47,15 også elektronisk målt var like. Juryen valde då å tildele begge ein bronsemedalje.

I tida 1952-59 vart Ignatjev seks gongar sovjetisk meister på 400 meter, samt fire gongar på 200 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]