Árgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Árgos
Lokalt namn: Άργος
Utsyn over Árgos frå det gamle amfiteateret.
Utsyn over Árgos frå det gamle amfiteateret.
Geografi
DE Argous.svg
Árgos is located in Hellas
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°37′N 22°43′EKoordinatar: 37°37′N 22°43′E
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Peloponnes
Argolída
Trípoli
Hovudsete Árgos (22 209 innb.)
Demografi
Folketal 27 050 (2011)

Árgos (gresk Άργος) er ein by på Peloponnes i Hellas. Byen ligg i nærleiken av Návplio, som var den historiske hamna til byen, kalla opp etter Nauplios. Árgos var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Árgos-Mykínes i periferieininga Argolída i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet stammar frå tida før grekarane, til liks med namnet på akropolisen, Lárisa. Etymologisk stammar det frå ein mytologisk grunnleggar kalla Argos, son av Zevs og Niobe.

Innbyggjarane i Árgos vart kalla Αργεῖοι, Argīvī på latin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Ei neolitisk busetnad låg nær den sentrale heilagdomen i Argolis. Heilagdomen var tileigna «argiviske Hera». Hovudfestivalen i tempelet var Hekatombaia, ei av dei viktigaste markeringane i sjølve Árgos. Walter Burkert (Homo necans, s. 185) knytte festivalen med myter til Hermes sitt drap av Argus Panoptes. Det har vore spekulasjonar om at Hermes sitt epitet argeifontes som vart forstått som «argusdreparen» veldig tidleg, faktisk er knytt til adjektivet argós, «skimrande» eller «rask», frå rota arg- (urindoeuropeisk språk: *arǵ-, dermed òg argyros, «sølv») med tydinga «skinande klår» eller liknande, og berre sekundært knytt til stadnamnet eller den mytologiske Argus.

Kastro Lárissa

Árgos var ein viktig festning i mykensk tid, og vart saman med nabobyane Mykene og Tiryns (Tíryntha) svært tidlege busetnadar på grunn av plasseringa deira midt på den fruktbare sletta i Argolis.

Homer tid høyrte han til ein av av tilhengarne til Agamemnon og gav namnet sitt til dei omkringliggande distrikta, argolidiske, som romarane kjende som Argeia. Historia til Árgos var knytt til Sparta etter 500-talet fvt.

På grunn av at byen nekta å delta i persarkrigane vart Árgos skydd av nesten alle dei andre bystatane. Árgos vart verande nøytral eller den ineffektive allierte til Aten under kampane mellom Sparta og Aten på 400-talet fvt.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

1100-talet vart det bygd ei borg på høgda Lárisa, staden der den antikke akropolisen, kalla Kástro Lárisa, låg. Árgos kom under krossfararar, så til venetianarane og vart erobra av Det osmanske riket i 1463. Morosini erobra han for Venezia i 1686, men han vart gjenerobra av osmanarane i 1716. Han vart ein del av kongedømet Hellas etter den greske sjølvstendekrigen.

Árgos i dag[endre | endre wikiteksten]

Árgos dimarkhío, rådhuset i byen

Ifølgje den greske folketeljinga frå 2011 har sjølve byen vel 22 000 innbyggjarar. Han er den største byen i periferieininga, ein av dei få periferieiningane i Hellas der den største byen har større folketal enn hovudstaden.

Store delar av byen har overlevd og er populære turistattraksjonar. Men det er landbruk som er den hovudnæringa i området, der sitrusfrukt er den viktigaste avlingen. Oliven er òg populære her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]