Arild Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Haga
Fødd 8. april 1913
Død

22. februar 1985

Yrke komponist, skribent

Arild Haga (8. april 191322. februar 1985) var ein norsk revyforfattar, kapellmeister og komponist.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 1935 var Haga profesjonell revyforfattar, og tidleg i karrieren skreiv han tekstar til revyen Mellom oss sagt (1937) av Einar Sissener. Vinteren 1939-40, i byrjinga av andre verdskrigen, var han med i ei gruppe som spelte ein revy med namnet Vi besatte til inntekt for Finlandshjelpa under Vinterkrigen. Hausten 1941 komponerte han revymusikken til Med megen aktelse for Carl Johan-teatret, og blei tilsett som kapellmeister ved Søilen teater frå 1941-42.

Arild Haga er kjend for visa «Byen med det store hjertet», som han skreiv til russerevyen 1938. Visa var både kjærleg og ironisk og blei hugsa for framføringa av Vesla StenersenChat Noir i 1943-revyen Smil og vi smiler igjen. Seinare har songen vorte omarbeidd både av Alfred Næss [1] og Nora Brockstedt (1979). Arild Haga skreiv også «Nordmarka», som Lalla Carlsen framførte i 1945. Denne gav inntrykk av å vera ei skildring av norsk skog og mark, men var i røynda ei hyllest til «Gutta på skauen».

Frå 1942 til 1959 arbeidde Arild Haga ved høvesvis Edderkoppen teater og Chat Noir. Det var Haga som skreiv «Vi e'kje nokke, vi» som bergensduoen Kurt Foss og Reidar Bøe framførte på Chat Noir i 1955. Seinare vart denne innspelt på plate. I 1959 skifta Arild Haga yrke og blei lektor i skulen, men var likevel formann i revyforfattarforeininga i ei årrekkje.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]