Nora Brockstedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nora Brockstedt

Fødd20. januar 1923
FødestadKristiania
Død5. november 2015 (92 år)
DødsstadOslo
FødenamnNora Berg
OpphavNoreg
Aktiv1943–2015
Sjangerslager
Instrumentvokal
Verka somsongar, jazzmusikar, plateartist
PrisarNorsk Artistforbunds Ærespris, Juryens hederspris i Spellemannprisen

Nora Brockstedt (20. januar 19235. november 2015),[1] offisielt namn Nora Riis, jentenamn Nora Berg, var ein norsk artist.

Brockstedt debuterte på Chat Noir i 1943, og i dei to neste tiåra vart ho ein av landet sitt mest populære og underhaldarar. Brockstedt platedebuterte den 21. februar 1945 saman med Oddvar Sanne, som «Harmony Duo», med Kristian Haugers orkester. Dei song inn «Kanskje engang tilbake den komme» / «Enn en gang skal fuglene synge». (Telefunken T-8340.) På 1950-talet fekk ho ei rekkje store slagerar og opptredde jamleg på radio med blant anna «En lite pike i lave sko», «Augustin» og ikkje minst «Tango for to». Frå 1950 til 954 var ho medlem av songkvintetten «The Monn Keys» saman med Arne Bendiksen, Per Asplin, Oddvar Sanne, Fredrik Conradi og Sølvi Wang. Egil Monn-Iversen hadde den musikalske leiinga i gruppa.

Nora Brockstedt debuterte for Noreg i Eurovision Song Contest i 1960, der ho kom på ein 4. plass. Ho deltok igjen i 1961.

Brockstedt spelte inn plater på merka Musica og RCA Victor for Nera, men i 1960 skifta ho selskap til Egil Monn-Iversen A/S og merkt Karusell.

I 2004 utkom albumet As Time Goes By på etiketten Jazzavdelinga. I 2005 følgde ho opp med julealbumet Christmas Songs på same etikett og gav i samband med sin 85-års dag 20. januar 2008 ut albumet Nora – for swingande! på etiketten Park Grammofon.

Nora Brockstedt var gift med songtekstforfattaren Arne Riis, som døydde i 2009.[1]

Brocktedt gjekk bort etter kort tids sjukeleie 5. november 2015.[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Nora Brockstedt som deltakar i Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plassering i den norske finalen Plassering i den internasjonale finalen
1960 Voi Voi Nr. 1 Nr. 4
1961 Snu deg om Nr. 2
1961 Sommer i Palma Nr. 1 Nr. 7
1963 Drømmekjolen Nr. 4
1963 Solhverv * Nr. 1
1965 Med lok og lur Nr. 2
1965 Bare det aller, aller beste Nr. 3
1968 Nysgjerrig-Per Nr. 2
1968 Nordlys Nr. 3
1977 Mærra has sitt Ka'l Nr. 5 i semifinale
1977 Springaren Nr. 6 i semifinale

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 Jul i Skomakergata (TV) – Fru Enebær
  • 1968 Mannen som ikke kunne le
  • 1954 Portrettet – Kvinne i Solsund Sangkor (The Monn Keys)
  • 1953 Brudebuketten
  • 1952 Det kunne vært deg – Syngande dame

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Nora Brockstedt er død». TV 2. Henta 5. november 2015. 
  2. Nora Brockstedt hos Norsk Biografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]