Førhistorisk tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førhistorisk holekunst frå Pech Merle i Frankrike. Alderen på målinga i dette motivet er mælt radiologisk til 25 000 år BP.

Førhistorisk tid eller forhistorisk tid er i historievitskapane (historie, arkeologi, kunsthistorie, religionsvitskap og anna) heile den lange perioden frå tida for dei fyrste spora etter menneske i det aktuelle geografiske området og fram til tida for dei fyrste skriftlege kjeldene som gjeld menneska i området, kalla byrjinga av historisk tid.

Kva som er å rekne som førhistorisk tid vil soleis variere frå stad til stad og samfunn til samfunn, og i eit visst mon òg frå fag til fag med omsyn til kva tid den førhistoriske tida vert avløyst av historiske tid. Til dømes vert førhistorisk tid i Norden rekna frå rundt 10 000 fvt. (før Kr.), det vil seie frå den tida etter siste istid då landet var meir eller mindre fritt for is og vart teke i bruk av menneske, og fram til rundt år 1000, då mellomalderens kristne skribentar skildrar tilhøve i samtid og fortid på eit meir eller mindre truverdig sett. I Frankrike, der det er gjort mykje eldre funn etter menneske og menneskeleg aktivitet, vert førhistorisk tid rekna frå dei fyrste spora etter menneskeleg liv for 1 800 000 år sidan og fram til tida då det som finst att av antikke romerske skrifter gjev opplysningar om dette området.

Inndelinga av førhistorisk tid i bolkar[endre | endre wikiteksten]

Førhistorisk tid vert delt inn i ulike periodar, som steinalder, bronsealder og jarnalder, som kvar vert delt inn i stuttare periodar. Slike namngjevne inndelingar har ikkje berre føremonar, men reiser òg mange problem.

På kontinentet er det i mange fagmiljø dessutan vanleg å dele førhistorisk tid inn i to hovudbolkar: prehistorisk tid og protohistorisk tid. Prehistorisk tid er etter ei av desse inndelingane den lange tida frå dei eldste tider og fram til menneska tok i bruk metall, medan protohistorisk tid er resten av førhistorisk tid, altså tida frå og med bronsealderen til og med jarnalderen.

Men då det er ein stendig sterkare tendens til å basere inndelinga av den førhistoriske tida meir på dei økonomiske og sosiale tilhøva i dei einskilde samfunna enn på generell kronologi knytt til bruk av metall eller ikkje, vert det òg nytta ei inndeling som reserverer nemninga prehistorisk tid for den tida då samfunnet utnytta naturlege ressursar ved ha jakt, fiske og samling som det einaste livsgrunnlaget, medan protohistorisk tid har å gjere med den tida då samfunnet hovudsakleg levde av å dyrke jorda og ale opp husdyr, og menneska soleis var meir bufaste enn dei stort sett var i tidlegare tider. Etter denne inndelinga høyar eldre steinalder og mellomsteinalderen til prehistorisk tid, og til protohistorisk tid høyrer yngre steinalder, (i delar av Europa, i Kaukasus og andre stader deretter ein koparsteinalder, òg kalla kalkolitikum (chalkolithikum) eller æneolitikum), bronsealderen og jarnalderen.

Kjelder til kunnskap om førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Det finst hovudsakleg tre former for kjelder til kunnskap om den førhistoriske tida:

  1. Arkeologiske funn, det vil seie funn i eller på jorda, i holar, myr, vatn og sjø, av gjenstandar, konstruksjonar, helleristingar og andre spor etter menneskeleg aktivitet.
  2. Skriftlege kjelder frå nærliggande område, som til dømes tidlegare tiders arabiske, romerske og greske forfattarars skildringar av germanske og keltiske tilhøve.
  3. Munnlege tradisjonar som ein meiner skriv seg frå førhistorisk tid og har vorte teke vare på ved å ha nedfelt seg i gamle, skriftlege kjelder på ein akseptabelt truverdig måte. Til dømes byggjer kunnskapen om religionane og samfunnstilhøva i Norden og i Irland i førkristen tid på dei opplysningane som finst i kristne mellomalderskrift ut frå den føresetnaden at forfattarane har nytta eit etter måten truverdig munnleg tradisjonsmateriale om tru og tilhøve i førkristen tid som grunnlag for framstillingane sine.