Kaare Espolin Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaare Espolin Johnson
Fødd 7. mars 1907
Surnadal
Død

16. august 1994

Yrke illustratør, kunstmålar

Kaare Espolin Johnson (7. mars 190716. august 1994) var ein norsk biletkunstnar og illustratør.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kaare Espolin vart fødd i Surnadal , men to år gammal flytta han med familien til Vadsø , og som tolvåring vidare til Bodø. i 1927 byrja han å studere ved Kunsthøgskolen og Statens kunstakademi under Axel Revold og Halfdan Strøm. Han utvikla tidleg ein spesiell skrapeteknikk i nærast svart-kvitt-fargar og sidan han var svaksynt, høvde det han godt.

Han debuterte på Høstutstillingen i 1932, var illustratør til Arbeidermagasinet og andre bøker, med Vett og uvett (1942) som den første. Motiva hans tok der utgangspunkt i nord-norsk kystkultur; sidan vart motivkrinsen òg vidareført med motiv frå bygdelivet elles i landet. Blant bøkene han illustrerte var Ringelihorn av Regine Normann (1967), Fimbulvinter av Sigbjørn Hølmebakk (1969) og Den siste viking av Johan Bojer.

Han har illustrert mange platter, ofte med motiv inspirert av Petter Dass si dikting.

Kaare Espolin Johnson utsmykka hurtigruteskipa «Ragnvald Jarl» og «Harald Jarl» (1960) , dei sistnemnde med motiv frå Petter Dass si dikting. Desse kunstverka heng no i hurtigruteskipet «MS Trollfjord». Han har òg utsmykka politikammeret i Kirkenes (1964), fylkessjukehuset i Ålesund (1973) og telegrafstasjonen i Sandnessjøen (1975).

Arne Durban skreiv i 1979 ein biografi om Kaare Espolin Johnson. I 1992 vart «Galleri Espolin» etablert i Kabelvåg i Vågan kommune. I 2006 hade samlinga nær 170 bilete. Han er representert i Nasjonalgalleriet med 39 bilete.

Kaare Espolin Johnson døydde på Ljan i Oslo i 1994.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bøker med illustrasjonar av Kaare Espolin Johnson[endre | endre wikiteksten]

  • Einar K. Aas og Peter Wessel Zappfe: Vett og uvett. 1942 (fleire nyutgjevingar)
  • Henrik Wergeland: Vesle-Hans. 1945
  • Hans Henrik Holm: Vårhelg i Gaukleikleiv. 1947 (saman med Tore Deinboll)
  • Hans Henrik Holm: Fugl Føniks i eplehagen. 1948 (saman med Tore Deinboll)
  • Øivind Bolstad: Spøkefuglen på Toska. 1955
  • Olav Nordrå: Herr Petters trompet. 1964
  • Olav Nordrå: Jeg hilser jorden. 1965
  • Regine Normann: Ringelihorn og andre eventyr. 1967
  • Ole Barman: Draumen og andre noveller. 1968
  • Den fyrste song. Antologi over norske voggesongar. 1968
  • Sigbjørn Hølmebakk: Fimbulvinteren. 1969
  • Hans Johan Bjørnstad: Av lofotfiskerens saga. 1970
  • Roar Petersen: Sånn kan det gå. 1970
  • Johan Bojer: Den siste viking. 1972
  • Hans Johan Bjørnstad: Jeg kjente et land. 1976
  • Ut mot hav. Nordland fylkes fiskarlag. 1977
  • Før oss 1. Noveller fra eldre barnelitteratur, i utvalg ved Sonja Hagemann. 1977
  • Arne Durban: Kaare Espolin Johnson. 1979
  • Hans Johan Bjørnstad: ... men kirkesangeren var pennefør. 1979
  • Før og nå. Nynorsk litteratur fra Sivle til Sagen. 1980
  • Asbjørnsen og Moe: Det var en gang… 1981
  • Lofotboka. 1982
  • I storm og stilla. Nordland fylkes fiskarlag. 1982
  • Barnas beste : i gamle dager. 1983
  • Skolp : årbok for Vågan. 1984
  • Ord for andre : antologi til inntekt for de sultrammede i Etiopia. 1985
  • Reidar Hirsti: Grenseløse mennesker.
  • Pomorhandelen. Einar Niemi (red. )1992
  • Årbok for Vågan. 1995
  • Kaare Espolin Johnson: Grafikk. 1997.
  • Kaare Espolin Johnson og Arthur Arntzen: Og langsomt kom lyset. 1994
  • Kaare Espolin Johnson: Skisser og forelskelser. 2002
  • Bjørn Tore Pedersen: Lengselens billeddikter. 2000
  • Linda Lillevik: Eventyrlige Espolin : Glimt fra et kunstnerliv. 2007
  • Å låne øyne å se med. Aaslaug Vaa (red.). 2007
  • Vær hilset : Espolin i 100 år. Wenche Thorunn Nilsen. (red.). 2007

Omslagsillustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]