Arne Haukvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Haukvik
ArneHaukvik(Jarvin).jpg
Fødd12. februar 1926
Sauherad
Død21. august 2002 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Arne Haukvik (fødd 12. februar 1926 i Sauherad, død 21. august 2002 på Furuset sykehjem) var ein norsk politikar og friidrettsentusiast. Arne Haukvik var ein av hovuddrivkreftene bak den årvisse idrettstevlinga Bislett Games i Oslo. Han vart gjerne kalla «Mannen med stråhatten».

Som politikar representerte Arne Haukvik Senterpartiet, både i Oslo bystyre (1968-1979 og 1992-1995) og som stortingsrepresentant på 1990-talet. Etter 1997, då han ikkje vart nominert av Senterpartiet, gjekk han over til Pensjonistpartiet.

Haukvik hadde ei rekkje verv innan både idrett og politikk. Han var i mange år manager for den australske langdistanseløparen Ron Clarke som Haukvik hadde henta til Noreg for å delta på dei fyrste Bislett Games i 1965. Clarke budde då heime hjå Haukvik. Når det så ringte journalistar og ville intervjua Clarke, inviterte Haukvik dei på jordbær og fløyte i hagen. Dette vart byrjinga på Haukvik sine jordbærselskap og pressetreff som blei ein årleg tradisjon i forkant av Bislett Games. [1] Under Bislett Games 1965 senka Clarke verdsrekorden på 10 000 meter med 34.8 sekund - den nye rekorden blei 27,39.4. [2]

Arne Haukvik var lenge leiar for Bislett-Alliansen og var stemnedirektør for Bislett Games til Svein Arne Hansen tok over. Han arrangerte sjølv jordbærfestane fram til 2001, då han var for sjuk til å halda fram med det. Etter at Haukvik døydde av kreft i 2002, har kona hans, Ingjerd Haukvik, vorte invitert som æresgjest til Bislett Games.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]