Pensjonistpartiet
| Pensjonistpartiet | |||
| | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Kurt Johnny Hæggernes (2023) | ||
| Grunnlagt | 1985 | ||
| Hovudkvarter | Oslo | ||
| Donasjonar | 56 000 (2019)[1] | ||
| Ideologi | enkeltsaksparti | ||
| Slagord | «Livsglede, framtid og folkehelse» | ||
Pensjonistpartiet vart danna i 1985 som ein protest mot at saker som var viktige for pensjonistar og eldre ikkje var dominerande nok i samfunnsdebatten og at det var for få eldre i avgjerande politiske stillingar.
Partiet byggjer på eit kristent grunnlag og fokuserer sterkt på å betre livssituasjonen til eldre og andre svake grupper i samfunnet.
Partiet har per mars 2023, 14 fylkeslag og 52 lokallag spreidde omkring i landet.[2] Pensjonistpartiets Ungdom starta i 2009, med eit lokallag i Vest-Agder.[3]
Pensjonistpartiet var det første norske politiske partiet som sende politisk reklame på fjernsyn, sjølv om dette er ulovleg i Noreg.[4]
Representantar frå pensjonistpartiet har aldri blitt valde inn til Stortinget, men dåverande stortingsrepresentant Arne Haukvik melde overgang til Pensjonistpartiet då han ikkje blei renominert for Senterpartiet i 1997.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
- ↑ Lokallag – Relationship Coach (på norsk bokmål), henta 17. mars 2023
- ↑ NRK Sørlandet:Han er pensjonistungdom
- ↑ «TV Vest sender politisk reklame» av Hilde Charlotte Solheim, Kampanje 12. august 2003