Arne Monn-Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Monn-Iversen
Fødd 5. juli 1931
Død

15. juli 2014

Yrke musikar, dirigent

Arne Monn-Iversen (f. 1931) er ein norsk fiolinist og dirigent, yngre bror av Egil Monn-Iversen. Arne er gift med songarinna Kiss Monn-Iversen og har to søner.

Utdanning og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Monn-Iversen fekk grundig klaverundervisning og studerte fiolin med Ernst Glaser. I 1952 blei han tilsett som fiolinist i Oslo filharmoniske orkester der han spela til 1995 då han gjekk av med pensjon etter 43 års verksemd. Dei første ti åra spela han i 2. fiolingruppa, og skifta etter det til 1. fiolingruppa. I orkesteret tilrettela han tenesteturnus for begge fiolingruppene og førte oversikt over den tenesteytinga til den einskilde musikaren. I ei årrekkje spela han høvesvis klaver og celesta i Oslo-Filharmonien som først på 1980-talet fekk eigen orkesterpianist i fast stilling. Han hadde ry for å vera ein framifrå orkestermusikar som aldri gjekk på akkord med kvalitetskrava.

Frå 1959–1960 spela Monn-Iversen 2. fiolin i Hindarkvartetten, og grunnla seinare Monn-kvartetten med fiolinisten Sonja Wold, bratsjisten Geoffrey Gotch og cellisten Geir Tore Larsen. I si verketid var Monn-kvartetten aktiv både i konsertsalane og i platestudioa, og i 1987 fekk han Gammleng-prisen som studiomusikar.

Nett som kollegaen Kai Angel Næsteby var Monn-Iversen ein svært aktiv studiomusikar som fungerte som konsertmeister og regissør for studiobesetningar ved hundrevis av plateopptak. Han var også konsertmeister for ei rekkje ad hoc-orkester som til dømes Collegium Musicum. Dette kammerorkesteret var domkantor Rolf Karlsens faste orkester ved oratorieframføringar i Oslo domkyrkje. Monn-Iversen har også dirigert ei rekkje amatørorkester som Oppegård kammerorkester, Borg symfoniorkester og Bryn orkesterforening. [1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]