Egil Monn-Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egil Monn-Iversen
The Monn Keys (cropped) - Egil Monn-Iversen.jpg
Fødd 14. april 1928
Oslo
Død

7. juli 2017
Oslo

Instrument

piano

Sjanger pop, jazz, klassisk musikk, musikal
Yrke filmprodusent, musikar, dirigent, komponist, pianist

Egil Ragnar Monn-Iversen (fødd 14. april 1928 i Oslo, daud 7. juli 2017) var ein norsk musikar, komponist, arrangør, og produsent av musikk, film og teater. Monn-Iversen vart ein viktig og mektig person i norsk kulturliv og har difor vorte kalla «Gudfaren». Han var ein eldre bror av fiolinisten Arne Monn-Iversen og var gift med songaren og skodespelaren Sølvi Wang frå 1951 til ho døydde i 2011. Saman hadde dei dottera Bitte Monn-Iversen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Egil Monn-Iversen utdanna seg ved Musikkonservatoriet i Oslo,[1] men var ein aktiv jazzmusikar i Oslo i 1940- og 50-åra, og leia også sine eigne grupper, mellom anna vokalgruppa The Monn Keys frå 1948. Tekstane til gruppa vart skrivne av Erik Diesen, og medlemmene var han sjølv, Sølvi Wang, Nora Brockstedt, Per Asplin, Oddvar Sanne og Fredrik Conradi. Seinare trekte Conradi og Brockstedt seg ut, men Arne Bendiksen kom inn, og The Monn Keys var blitt ein kvartett.[2] Monn-Iversen og kvartetten starta opp selskapet Egil Monn-Iversen A/S i 1957 som fungerte som både plateselskap og filmselskap etter kvart. Etter at gruppa vart oppløyst i 1964, vart selskapet seld til Bendiksen, som heldt fram med det under namnet Arne Bendiksen A/S.

Første gongen han er nemnt som arrangør var på innspelinga Music, Music, Music med Arve Opsahl og Sølvi Wang. Han heldt fram med arrangeringa for ei rekkje artistar, inkludert over hundre innspelingar med Jens Book-Jenssen og meir enn 50 innspelingar med Nora Brockstedt. Monn-Iversen var inspirert av amerikanske og britiske jazzorkester, og gav dei norske artistane eit internasjonalt preg. Denne orkesterstilen hans kan også høyrast på dei fyrste songane Thorbjørn Egner gav ut. Han vart også brukt i NRK, gjerne saman med Kringkastingsorkesteret, og ofte med musikalsk hjelp frå The Monn Keys. I 1964 skapte han ein hit med Arne Bendiksen-låta «La meg være ung», arrangert for Wenche Myhre.

Same året blei Egil Monn-Iversen fast tilknytt NRK som musikalsk konsulent. Etter kvart vart han også ein mykje brukt komponist, der han også var jazzinspirert. Han er den mest produktive filmmusikkkomponisten i Noreg, med 62 komposisjonar frå 1952-1994, i tillegg komponerte han fjernsynsmusikk. Mellom anna står han bak musikken i Fleksnes fataliteter (1972), Brødrene Dal (1979/1982), Rød snø (1985), Fredrikssons fabrikk (1990/1994), Vestavind (1994), Nr. 13 (1999) og Soria Moria (2000). Men Monn-Iversen har også vore produsent av sjølve filmane, ikkje berre musikken. Filmar han har produsert, er m.a.: Operasjon Sjøsprøyt (1964), Mannen som ikke kunne le (1967), Norske byggeklosser (1972), Bør Børson jr. (1974) og Kronprinsen (1979).

Egil Monn-Iversen hatt svært mykje å seia for det norske musikalmiljøet, og har komponert musikk til fleire musikalar, m.a. Bør Børson, jr (1972) og Ungen. Frå 1954-59 var han kapellmeister på Chat Noir før han vart forfremja til direktør dei neste fire åra. Frå 1967 vart han så kapellmeister ved Det norske teatret. Han har vore leiar for to teaterselskap: Proscenium A/S og Thalia A/S. Frå 1981-1996 var han styreformann i Den Norske Opera.

Biografien av Sverre Gunnar Haga[endre | endre wikiteksten]

I 2008 kom det ut ein biografi om Egil Monn-Iversen av Sverre Gunnar Haga med tittelen Gudfaren Egil Monn-Iversen og spillet i kulissene. Boka prøver til ein viss grad å framstilla Monn-Iversen som edderkopp eller blekksprut i norsk kulturliv, utan å lukkast med det ifølgje bokmeldaren i Ballade. Ho fekk særleg merksemd fordi ho avslørte at Monn-Iversen hadde born med ei anna kvinne enn kona, og dette vart kalla «den hemmelige familien» i norsk presse ved boklanseringa.[3]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]