Arne Rostad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Rostad

Fødd4. mars 1894
Verdal kommune
Død21. juni 1969 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
FarBernhard Rostad
Alle verv

Arne Rostad (4. mars 189421. juni 1969) var ein gardbrukar, organisasjonsleiar og politikar frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Rostad voks opp på storgarden Trones i Verdal, der far hans var proprietær. Frå 1913 til -18 dreiv han sjølv gard på Lambertseter i Oslo. Samstundes utdanna han seg på Vinterlandbruksskolen i Oslo og deretter på Norges landbrukshøgskole i Ås i Akershus. I 1918 kjøpte han storgarden Mustad i Vardal herad, tett vest om Gjøvik. Seinare arva han farsgarden i Verdal og dreiv den òg, men heldt fram å bu i Vardal.

I over 40 år sat Rostad i ei rad med sentrale posisjonar innom landbruket, lokalt så vel som nasjonalt. Han var såleis styreformann 1924-54 i Gjøvik Meieri og 1932-69 i Holmen brenneri. Vidare var han formann i Meierienes Arbeidsgiverforening frå 1937 og i Landbrukets Arbeidsgiverforeninger frå 1950, verv han hadde til han døydde i 1969. Innom potetnæringa var han styreformann 1941-67 for A/L Potetmelfabrikenes Salgskontor og 1948-67 formann for Hveem forsøks- og stamsædsgård for poteter.

Rostad var heradsstyremedlem i Vardal frå 1925 til –40. I 1945 var han medlem i Det økonomiske samordningsråd. Same hausten vart han vald til å representere Oppland og BondepartietStortinget. Dei neste fire åra var han nestformann i Kommunalkomitéen. Også i 1945, det året han vart tingmann, valde Norges Bondelag Rostad til formann, eit verv han hadde til 1951. Der etter fekk han plass i Skogkommisjonen av 1951. Seinare var han formann i Forskningsutvalget for konserves frå 1954. Han leidde Avlslaget for Telemarksfe 1954-69 og Landslaget for Storfeavl 1958-66. I 1959 fekk han styreplass i Vinmonopolet. Og frå 1962 til han døydde var Rostad formann i Opplysningsutvalget av 1962 om Norge og Fellesmarkedet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]